SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 184 skann 186

184 111. Rettleiing. 1. Sløydarbeidet skal stetta den naturlege trongen til aktivitet hjå elevane, så dei brukar både ånda og kroppen. Det er viktig at dei kjem inn i skapande arbeid og sjølve er med og vel og formar arbeida sine. 2. Arbeida må interessera elevane og høva med det åndelege utviklingssteget deira. Ting som borna kan bruka når dei leikar seg, er gode arbeidsoppgåver. Serleg er slike oppgåver høvelege på næming ssteget. Etter kvart som dei lærer seg til å bruka verktyet, går edn over til einfelte bruksting sem tener til å fremja elevane sin sans for god form, og som har rot i formkulturen på staden. 3. Til rettleiing for læraren vert det sett opp ein plan som i store drag viser vegen i arbeidet og nemner arbeidsstoffet. Dei døma på høvelege arbeid som finst i planen, er ikkje meinte til modellserie på den måten at ein skal laga tinga i fastsett rekkjefylgje etter fastsette teikningar. Dei er meir å ta som impuls for lærar og elev når dei skal velja og planleggja eit arbeid. Døma innan kvar gruppe bør vera så mange at elevane har fleire ting å velja mellom. Læraren må etter kvart firma andre arbeid å setja inn, og gløggskapen hjå elevane til å firma på nye arbeid og å brøyta på former dei før har bruka, må ein nytta ut. 4. Ein skipar arbeida i grupper etter vanskegraden, og etter krava ein set til grannsemd i arbeidet. 5. Elevane bør vera aktivt med når ein vel og planlegg oppgåvene. Rådlegginga mellom lærar og elev endar med ei skisse eller arbeid steikning som læraren teiknar på veggtavla, og som elevane rådfører seg med i arbeidet. Teiknearbeidet kan ein gjera i sløyd- eller teiknetimane etter som det er høve til det. 6, Sløydop plæringa tek til med einfelte øvingar i verktybruk. Etter det går ein over til små fritt forma arbeid som elevane kjenner godt og har ei sikker meining om korleis dei skal vera. Slike ting gjer ein utan teikning og utan fastsette mål. Ein må vera svært varsam med krava når det gjeld fyrste-arbeida. Det har mykje å seia at elevane set seg godt inn i oppgåva og får med så stor detaljrikdom i det dei arbeider på, som dei greier. 7. Det frie næmingsarbeidet sem fantasien er med og formar, går etter kvart over til meir planfast oppøving i reiskapsbruk og ihopsetjingsmåtar. Det regelbundne arbeidet med ihopsetjingsoppgåver må på alle steg oppetter skifta med fri forming og gjeva rom for aktuelle arbeid
Skann 186 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 184». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/186/