SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 183 skann 185

XII. Handarbeid. A. Gutar. I. Mål. Ved at elevane sjølve er med og planlegg og gjer eit sløydarbeid, skal sløydopplæringa trena vit, vilje og dømekraft, fremja sansen for god form og farge og venja dei til å gjera arbeidet omhugsaint og fint. Sløydarbeidet skal hjelpa til å skapa glade, tiltaksame og drivande menneske. 11. Minstekrav. A. Minstekrav for pappsløyd Elevane skal kunna: 1. bruka rett den reiskapen scm er turvande i pappsløyd arbeidet, 2. ta rette og nøgne mål når dei arbeider, 3. gjera eit lite arbeid på eiga hand, t. d. timeplan, fargeskive, spel — og sjølve f inna høvelege mål. B. Minstekrav for tresløyd. Elevane skal kunna: 1. bruka rett den vanlege sløydreiskapen som skulane har, 2. setja i. hop arbeid med spikrar, skruvar og innfelling, 3. f inna høveleg storleik og form på eit sløydarbeid som ele- ven skal planleggja og gjera. 4. laga ein liten ting etter framlagd teikning, 5. laga ein liten, einfelt ting etter eige val og forma han sjølv etter eiga teikning, 6. røra ut oljefarge og måla tinga, reinsa og stella målar- kostar og penslar.
Skann 185 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 183». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/185/