SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 185 skann 187

185 endå onn dei ligg utanom det regulære klassearbeidet. Elevane må kunna ta med seg småting heimanfrå og gjera d«d i stand i sløydtimane, og arbeidet må i det heile vera så nær sambundi med det som trengst i heimane, at det vert eit naturleg samarbeid som ein ikkje kan vera forutan, mellom skulesløyden og heimen. Dette må likevel ikkje føra med seg at ein går elevane sine naturlege interesser for nær og vel arbeid som er uhøvelege for dei. Ein må åtvara mot for store arbeid som røyner for sterkt på kreftene og tek for lang tid til å få ferdige. Det høver betre med mindre og fleire arbeid. Elevane må dg i nokon mon læra å skjøna teikningar som andre har laga, og venja seg til å arbeida etter dei. 8. Elevane skal litt om senn venja seg til naturlege arbeidsstillingar på lempeleg måte, og arbeidsmåten og omgangsforma mellom elevane må vera ledug og tvangfri. Skuledress-ur med øvingar etter teljing, i takt og etter tilseiing er unaturlege for born og tener til å fjerna sløyden frå det verkelege arbeidslivet som han skulle vera eit bilete på. 9. Der timetalet i sløyd er knapt, må ein vanleg nøyia seg med dei mest einfelte ihopsetjingsmåtar, t. d. spdkring og skruving, og leggja tyngda på formingsarbeidet som det mest utviklande for elevane. Jamvel med eit romleg timetal skal ein ikkje driva for mykje med den tekniske oppøvinga, men her og sjå på formingsarbeidet som det viktigaste. 10. Elevane må få bruka fargar på arbeida sine og då fyrst og fremst oljef argar som dei må læra å røra ut i olje og blanda og stryka på. Gjennom arbeidet med fargen, med å fylgja dei skiftande avbrigda hans når brotfargane vert iblanda, skjerper ein elevane sine evner til å verdset ja og sikrare velja høveleg og god farge. Elevane bør og få høve til å bruka andre måtar å handsama overflata på (t. d. beising og lakkering). 11. Elevane skal fara fint med all reiskapen og setja han på rette plassen etter dei har bruka han. Dei skal vera omhugsame med benken og halda han rydig. Dei må syna omtanke når dei skal velja og kappa emne. Brukande bord- og plankeendar nyttar ein ut før ein tek heile lengder. Når elevane målar, skal dei ha forkle på seg og bretta opp ermane. Målarbordet skal ein kle med papir (aviser). Utrørd måling har ein under vatn, som ein tømer ned i ei sinkbytte når ein skal bruka målinga. Dette vatnet må ein ikkje slå i utslagsvasken, for då gror han att. Det må
Skann 187 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 185». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/187/