SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 182 skann 184

182 Litt øving i å laga songstubbar. Toneomfang mest som i 4. skuleåret. Borna skal læra minst 8 songar og 8 salmar i skuleåret. Gjerne noko atterljomsong og nokre lette to-tonige songar. 6. skuleåret. Røyst- og tonedaning. Varsame pusteøvingar. Etter kvart litt meir samansette takt- og rytmeøvingar. Song etter Øyra — songar, salmetonar, kyrkjelydsvar. Eit par nye tonearter. Litt øving i å laga songstubbar (sjå 5. skuleåret). Tonetreffingsøvingar i ymse dur- og moll-tonearter. Ein tek øvingane når ein lærar borna salmar og songar. I samband med songane ein syng, tek ein med litt om dei mest kjende tonediktarane, fyrst og fremst norske. Ein bør og få lata borna høyra annan musikk av desse tonediktarane, når det er høve til det. Her nyttar ein kringkasting og grammofon. Ein legg framleies hovudvekta på eintonig song, men til ombyte tek ein og noko to- og tre-tonig song. Ein utvidar toneomf anget noko både oppetter og nedetter, t. d. ned til litle b og opp til fiss 2 . Borna skal læra minst 10 songar og 10 salmar i skuleåret. 7. skuleåret. Røyst- og tonedaning. Pusteøvingar. Song etter Øyra. Sameleis som i dei andre skuleåra må føremålet vera å gjera borna glade i songen. Ei råd til dette er at ein verkeleg nyttar ut det gode songutvalet som finst. Samarbeidet mellom opplæringa i norsk og i song bør føra til at dei klassiske tekstene i lesebøkene (og i den frie lesnaden) som det er jamgode tonekunstverk til (t. d. Bjørnson-dikt og folkeviser), vert sungne. Tonetreffing i ymse dur- og moll-tonearter når borna lærer salme- og songtonar. Ei einfelt skildring av røystorganet og korleis det verkar ved tale og song. Forutan eintonig song dg litt to- og tretonig song. Så framt det er råd, bør ein skipa eit skulekor av klassene, t. d. på den måten at klassane då og då kjem saman og øver seg i fleirtonige songar som den einskilde klassa ikkje kan greia godt åleme. Toneomfang mest som i 6. skuleåret. Borna skal læra om lag 10 songar og 10 salmar, og dessutan kyrkjelydsvara.
Skann 184 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 182». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/184/