SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 181 skann 183

181 3. skuleåret. Lette songar og salmar etter Øyra. Einfelte røyst- og tonedanings-øvingar med sikte på god resonans. Ein gong imellom varsame pusteøvingar. I 2. halvåret kan ein gjeva boraa litt kjennskap til noteskrifta og dirrskalaen, så dette kan hjelpa dei til å firma att etter notane på linesystemet lette melodiar (og anna tonalt stoff) som dei har lært etter øyra. Når ein syng skalaen, deler ein han i to fir-tonerekkjer, og desse rekkjene syng ein med talnamn, notenamn, solfanamn, med jo eller ei anna staving og med tekststrofer. Kvintsprang oppetter og nedetter. Seinare treklangen på grunntonen — alt gjer ein klårt med senmerkte tekststrofer. Note- og pauseverde: heil, halv, fjerdedel. Borna lærer 2 / 4 , V 4 og % takt. Dei klappar og slær takta. Toneomfang: frå c 1 til d 2 eller ess 2 . Borna lærer minst 5 songar ogr 5 salmar i skuleåret. 4. skuleåret. Ein held fram med røyst- og tonedaning. Varsame pusteøvingar. Song etter øyra — songar og salmar som høver for røysta. Skalaøvingar med konsonantar framføre vokalane. (Korleis ein syng e i enden på ord: mange, vakre osb. Tydelege slutnadskonsonantar der dei ikkje er stumme: stort, blått osb.) Rytmeøvingar : Tale- og songrytme. Ry tmeøvingar i skalaen med rett tonelag på to-, tre og firdelt takt. Pausar set ein 6g inn i rytmeøvingL y .e. Notelære: Litt om notesystemet, g-lykelen. Dei mindre noteverda. Musikkteikn og musikkuttrykk (bindeboge, punktering) etter kvart som dei kjem i songane og salmane ein går igjennom. Ein øver borna i heile og halve tonesteg. Kva verknad $ og t? har. Toneomfang: c 1 — ess 2 . Borna skal læra minst 8 songar og salmar i skuleåret. 5- skuleåret Røyst- og tonedaning. Varsame pusteøvingar. Takt- og rytmeøvingar Song etter øyra — song- og salmetonar. Ein går igjennom eit par nye tonearter og dei parallelle mollskalaer.
Skann 183 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 181». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/183/