SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 180 skann 182

180 Etter dei innleiande øvingar i tonedaning bør ein byrja kvaT time med song etter øyra (gehørsong). 7. Elevar som har minder godt øyra eller dårleg røyst, skal ein ikkje stengja ute frå opplæringa, av di dette gjer dei modlause og tek frå dei hugen til å syng ja. Slike born — og det same gjeld dei som er i målskifte — kan godt syngja døyvt med både i eintonig og fleirtonig song, og røynsla syner at med trottig øving kan røysta og øyra deira — i iminsto i nokon mon — verta fremja. Men det krev tolmod, takt og vitug medferd i det heile å ha desse elevane med i songopplæoringa. 8. Songopplæringa er til vanleg klasseopplæring, men med einskild og gruppesong inn imellom. På den måten kan ein hindra å røyna røysta til borna for hardt. Einskildsynging gjev og høve til å retta mistak hjå dei einskilde elevar. 9. Der tida er for knapp og tilhøva elles er ulaglege, kan læraren lata vera å ta noko av det teoretiske stoffet som er sett opp nedanfor. Det ville vera gildt om kvar skule hadde eit orgel, piano eller anna høveleg instrument. JV. Arbeidsplan for skuleåra Hovudsaka er at ein syng ofte, så borna vert glade i songen. Ein vél lette tonar som ein syng i litt livleg tempo, og som høver med standpunktet til borna og gjev skifte og kveik i den andre opplæringa 6g. Salmane ein vél, bør så langt råd er, passa inn i pensumet for året i kristendomskunnskap, så framt tonen ikkje er for vanskeleg. Med einfelte ljod-, tonedanings- og ljodføringsøvingar freistar ein fremja ei mjuk og rein røyst hjå borna. Teksta les ein med naturleg tonelag og rytme, og denne talerytmen førebur songrytmen. Ein kontrollerer andedraget, så borna les og syng i eitt andedrag det som naturleg høyrer saman. Ein prøver å venja borna til å velja rette tonehøgda. Ei hjelp er det at ein ofte mullar kammertonen a 1 for å innprenta og festa han. Meir som leik tek ein små intervalløvingar, t. d. den litle fallande tersen a 1 — fiss 1 («gauksignalet>) og så anten a 1 — fiss 1 — d 1 eller h 1 — a 1 — fiss 1 , og litt om senn gjer ein borna velkjende med hovudtonane i skalaen. Songleikar som let borna sjå og kjenna rytmen. Toneomfang: dUc 1 )— d 2 . 1. og 2. skuleåret.
Skann 182 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 180». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/182/