SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 179 skann 181

179 Mellom opplæringa i norsk og opplæringa i song er det nær samanheng. Opplæringa i dei to faga stør einannan på fleire måtar, såleis når det gjeld å læra å bruka røysta rett og læra rett uttale o. a. Opplæringa i norsk hjelper borna til å skjøna det språklege og saklege innhaldet i songane og i dikta. Og opplæringa i norsk har nytte av songopplæringa med di at elevane i songtimane lærer tonar til vers og dikt som dei går igjennom eller lærer i norsktknane. 2. Røysta. Barnerøysta kan oppøvast til å verta mjuk og rein dersom ein tek til med taleøvingar nokre minutt i kvar time og syng fir-tonerekkja frå einstreka g til tvistreka c oppetter og nedetter. Dette bør ein til eit byte syng ja i skiftande rytme. Litt om senn utvidar ein tonerekkja, men ein må passa på at borna syng serleg dei djupare tonane heller lågt. I det heile bør ein fara varleg med barnerøysta, og når ein går igjennom songboka, bør ein helst ikkje gå utover styrkegraden mf, jamvel om boka lojalt fylgjer tilvisinga frå komponisten både til f og ff. 3. Pusten øver ein gjennom sjølve songen når ein passar på å føra teksta naturleg fram. Eigenlege pusteøvingar bør ein vera varsam med (berre 2 — 3 minutt om gongen). 4. Å læra songar. Når læraren skal læra borna ein song, bør han fyrst føra fram heile songen på ein så mønstergild måte som råd er. Etter at ein har gjort turvande saklege og språklege utgreiingar om teksta, skal ein i songtimen freista å fremja evna til å skjøna rytme og melodi og læra borna å syngja songen heilt rett med omsyn på uttale og foredrag. Når dei lærer teksta, legg ein vekt på klangfulle vokalar og greitt uttala konsonantar. 5. Fleirtonig song. I fleirtonig song må ein øya kvar tone (stemme) for seg. Serleg ved fleirtonig song kan notane vera til verdfull stønad lor elevane. Ved røystvalet (til 1., 2. og 3. røyst) må ein vera sværande omhugsam, og læraren bør passa på at ein ikkje slit på dei musikalsk sikre mellom elevane. Desse elevane må ikkje stendig ta underrøysta når ho ikkje høver for røystlægjet deira. 6 Det teoretiske stoffet tek ein i små porsjonar skiftevis med songen. Intervalløvingar freistar ein gjera klåre så praktisk som mogeleg med å setja t. d. treklangen i samband med kjend melodibyrjing (dur-treklang: Sions vekter, moll-treklang : Mellom bakkar og berg (Lindemanns tone) osb.).
Skann 181 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 179». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/181/