SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 178 skann 180

178 2. Tale- og einfelte tonedanings-øvingar med sikte på god resonans, i dette varsame pusteøvingar. 3. Taktarter: Kjennskap til to-, tre- og firdelt takt. 4. Notelære: Notesystemet, g-lykel, noteverde opptil fjerde- delar, repetisjonsteikn og bindeboge. 5. Korleis durskalaen er bygd. Verknaden av % og b. 6. Ein lærer desse orda for tempo (fart) : Andante, moderato, allegro — marcia. For foredrag (styrke, nyansering) lærer ein desse teikna: pp, p, mf, f — cresc, decresc. 111. Rettleiing. 1. Ålmenne merknader. I ein godt røkta folkesong ligg ei stor og ålmenndanande kraft. Det å fremja folkesongen med songopplæringa i skulen vil seia å fremja eit ideelt ånds- og kjensleliv hjå ungdomen vår og med det og hjå heile vårt folk. Når ein fører dik- tarane sine ord fram i song, har dei gjerne ein verknad som går djupt i mannehugen. Vakker og lyftande song hjelper til å opna hugen for det som er vent og godt og tener til å fremja samkjensle og god kameratskap. Den oppsedande verknaden songen har, må femna vidare enn berre om skulen. Difor skal ein freista oppseda elevane til å verta så glade i song at dei kjem til å syng ja heile livet igjennom. Då vil dei alltid gleda seg ved dei verdfulle songane dei fekk med seg frå skulen, og dei vil og gjerne læra nye attåt dei som dei kan før. Den vene, kultiverte folkesongen, som er eit uttrykk for lettskjøneleg, ekte folkekunst, vil og vera ei verksam motvekt mot alt det verdlause kling-klang av song og musikk som alltid finst. Skulesongen har mykje å seia for sjølve livet i skulen. Ein høveleg song hjelper til med å kveik ja hugen hjå elevane og få dei i rette laget og kan t. d. nyttast til å innleia eller slutta timen med. Songen er eit uttrykk for gleda hjå dei unge i leik, i arbeid i skulehagen, på utferder og på festlege møte i skulen. Kan ein tenkja seg ein skule på utferd utan glad song, eller ein skulefest utan det huglaget som berre songen kan skapa! Songen verkar og oppkvikande og gagnleg på opplæringa i dei ymse fag. Eit dikt eller ein song om heimstaden eller heimlandet vil nettopp gjera sin fulle verknad når ein syng han til rette tid. I kroppsøving t. d. kan ein kvik song eller marsj liva opp og eggja til ein sikrare rytme og gjera opplæringa meir levande.
Skann 180 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 178». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/180/