SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 177 skann 179

XI. Song. I. Mål. Målet for songopplæringa er å oppseda elevane til å verta glade i god .song og til sjølve å syng ja dei mest vanlege songane og salmane så vent og rett som råd er. Dette vil ein nå med å vekkja og fremja sansen hjå borna for god song og musikk, med å skula opp røysta og øyra deira og med å gjeva dei så mykje kjennskap til notelæra og så mykje song etter notar, at notane kan stø dei i nokon mon når dei skal læra nye songar og salmar. 11. Minstekrav. 1. Før elevane sluttar 6. skuleåret, skal dei ha lært mellom 30 og 40 songtonar og like mange salmetonar. 1 Når ein vel songar og salmar, skal ein framfor alt velja dei beste og mest nytta, slike som høver med alderen til borna og som borna likar. Ein brukar såleis den rike og gode skatten vi har av folketonar, songar om heim og fedreland og songar som høver til årstidene og høgtidene, og som ein kan måta inn i opplærmgsstoffet i andre fag. Når ein vel salmar, tek ein mest slike som høver inn i pensumet som klassa har i kristendomskunnskap. Hovudvekta legg ein på eintonig song. Frå og med 5. skuleåret tek ein og med litt kanon (atterljomssong) og einfelte 2-tonige tonar. I dei øvste klassene litt 2- og 3-tonig song til bytes med den eintonige. Av di hovudsaka ved songopplæringa skal vera å gjera borna glade i å syng ja, må føremålet med det teoretiske stoffet vera å hjelpa til med å nå dette målet. 1 Når det lenger ut i planen stir songar og salmar, så tyder det songtonar og salmetonar (melodiar). 12 — Normalplan for landsfolkeskulen.
Skann 179 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 177». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/179/