SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 15 skann 17

15 kan — nytta såleis at dei kjem til sin rett, så alle får utløysing og vokster for evnene og kreftene sine. Kvart barn har like sterkt krav på å verta teki omsyn til, og til å gjeva si hjelp til det sams arbeidet. Vyrdnad for andre og omsyn til andre vinn ein gjennom høveleg gruppearbeid, med di det tek opp andre sider av evnene til barnet enn det vanlege skulearbeidet gjer. Føraren i gruppa hjelper til å skipa arbeidet. Ein må ta sikte på å stella det såleis at initiativ og arbeidsevne hjå dei ymse borna kjem til sin rett. Sume samlar stoff, andre gjer utdrag or det som vert lesi, nokre teiknar, andre skriv, byggjer, modellerer osb. — alt etter arta til arbeidet. Når arbeidet er ferdig, legg dei det fram til kontroll, og ein løyser gruppa opp, eller ho tek til med nytt arbeid. Kan gruppearbeidet koma i stand, og borna likar det, har det — som alt er nemnt — mange føremoner og kan syna gode resultat. Men det står mykje på borna sjølve, korleis hugen og evna til samarbeid er, om det skal lukkast. Stoda i klassa kan vera mykje ulik. Når born vert svært ihuga med eit arbeid, med noko dei vil læra, så kan det individuelle arbeidet vera den beste forma for aktiviteten deira. Til andre tider kan borna ha hug til samarbeid og kameratskap i gruppa eller til arbeid under eitt av heile klassa. Formene bør skifta, elles kan arbeidet lett verta keisamt — det er ikkje nytt og forvitneleg lenger. Kontrollen kan ein greia på ymse vis, t. d. : 1) Ved munnleg klasseprøve — læraren eller gruppa sjølv styrer. 2) Ved munnleg utgreiing (foredrag) av ein eller fleire av gruppemedlemene. 3) Ved skriftleg utgreiing (stil), anten eit større sams arbeid eller einskildarbeid frå elevane i gruppa. 4) Ved dramatisering av eit emne som høver til det. Dette kan passa godt på eit foreldremøte t. d. På eit såvori foreldremøte kan gruppa og leggja fram resultatet av det sams arbeidet under eitt.
Skann 17 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 15». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/17/