SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 176 skann 178

176 sjølve tinga, ein teiknar når ein syner fram og studerer biletstoff, ein teiknar skisser på veggtavla til å greia ut og innprenta lærestoffet osb. Attåt dette kjem arbeidsteikning i samband med handarbeid for gutar og g jenter. Fagteikninga bør ein setja beinveges i samband med vedkomande fag, og ho bør ofte vera av reint skissevoren art, så ho ikkje tek uturvande tid. I denne teikninga og har den produktive elevteikniiiga størst verd for framvoksteren til eleven. Ein må hjelpa borna til å sjå nøye på forma og fargen på det dei skal teikna, så teikninga vert så sakleg rett som råd er. Også denne elevteikninga bør vera produktiv og attåt det sjølvstendig både i skjøn og form. Ho kan vera reproduserande etter skissene åt læraren, arbeidshefte eller til å innprenta stoff. I slik teikning legg ein vekt på klår einfelt teiknemåte med å bruka farge til å merkja ut slikt som er viktig. Fagteikninga gjev i mange høve ei klårare og meir skjøneleg framstelling enn berre med ord. Ho har verd for det' å kunna eigna til seg førestellingsinnhaldet åt orda. Ho vekkjer lettare assosiasjonar enn eit fotografi eller eit anna meir samansett bilete der ikkje noko er merkt ut eller lagt vekt på, og der åtgåinga vert meir tilfelleleg. Ho sparer tid til inn prenting og gjer stoffet lettare tilgjengeleg for dei visuelle og motoriske føresteliingstypar. Teikninga kan vera ein god kontroll med korleis eit læreemne er skjøna. Teikninga til læraren har til oppgåve: Å opplysa og greia ut, å retta førestellingane til elevane, å merkja ut det viktigaste ved ei sak eller ein ting, å gjera det abstrakte klårt og skjøneleg, å klårleggja det samansette og flokute med forenkling ( sik j ematisk riss ) , å auka slikt som i røynda er lite og utydeleg (mjøling («bestøving») og frøing hjå plantar t. d.), å gå i staden for åskoding&middel når såvorne ikkje finst.
Skann 178 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 176». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/178/