SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 175 skann 177

175 2. Avteikning (bunden teikning). Born som er såpass mogne at dei formår å skjøna avbrigde i liner, høve og syn på plastisk form, kan teikna beinveges etter natur og ting eller gjeva att inntrykka etter minnet. Skjønet på fonn har vorti fremja med førestellingsteikninga, og evna til klårt biletrett uttrykk er oppøvd. Truskap i å syna fram livet som det er, krev målmedvitande planlagd samanlikning med naturen. Beinveges avteikning bøir ein difor ikkje bruka i nokon større mon før elevane har nått det naudsynlege framgangjssteget. Oppgåva her er å gjera greie for visse former så sakleg som råd er. Direkte teikning bør ein driva som gruppeopplæring. Serleg gjeld dette ting som krev plastisk forming (perspektiv). I siste høvet er det viktig at barnet på ymse vis har fått kjennskap til tingen (røring, åtgåing frå ymse kantar, samtale om korleis forma er oppbygd osb.). Desse mangsidige røynslene bør dei fyrst gjera greie for med teikning etter minnet, utan å vera bundne til ei fastsett stilling. Den direkte attgjevinga må verta såleis som barnet kan makta ho etter omhugsain åtgåing. Barnet teiknar då ut ifrå det klårast mogelege medvit om formoppbygging, lineuttrykk og høve. Før ein tek til med teikninga, bør ein samtala om dei sermerkte drag hjå tingen. Berre heilt få born maktar å gjeva att ljos og skugge. Det må i alle fall gjerast varsamt, til å forklåra forma. (Døme: Ein snev av skugge på ei krukkeform til å visa runding.) Føremålet med denne teikninga er å gjera greie for tgåingar av form og farge og på denne måten freista nå fram til meir medvitande verdsetjing og øya opp smaken hjå barnet. Ting eller oppgåver til dette bruket må ein velja omhugsamt. Dei har same verdet i denne opplæringa som lesestykke og tonar har i norsk- og songopplæringa. 1 3. Fagteikning (teikning i samband med andre skulefag). Arbeidsskiulen krev teikning som lekk i opplæringa i dei ymse faga. Denne teikninga vil arta seg som ei skifting mellom dei former for teikning som er nemnde framanfor i gruppe 1 og 2, og vert i regelen ei sakleg teikning etter skjøn («forstandsbetonet» teikning). Ein teiknar t. d. skisser i geografi, soge, naturfag og andre fag, der ein teiknar ut ifrå åtgåing og 1 Foreininga Brukskunst har på oppmoding valt eit utval av skulekunnige og brukskunstnarar som skal samarbeida om å velja høvelege ting til dette bruket. Ved tinging kan ein venda seg til foreininga Brukskunst, Oslo.
Skann 177 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 175». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/177/