SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 172 skann 174

172 Prent-teknikk. Å skjera klisjear i linoleum, potet, gummi eller kartong og prenta med sverte. Av verkty kan ein nemna Tif nr. I, 3 og 5. Til skrift og teikning kan ein bruka redis-penn med ymis tjukkleik frå % mm. 3. Å gjeva op p gåve r. Arbeidsstoff. Læraren kan på ymse måtar vekkja hug hjå elevane til å greia oppgåvene, og såleis skapa eit godt arbeidsmiljø. Men ålmenne reglar er det vanskeleg å gjeva. Ein kan få elevane til å bli interesserte og gjera seg føre med at ein nyttar det brukande emnet borna sjølve kjem med, og med å visa fram og drøfta korleis dei har løyst oppgåvene. Ein får borna til å leva seg inn i oppgåvene på ymse måtar: Med samtale, dranatisering, — t. d. ved å lata einskilde born gjera rørsler til å syna ymse kroppsstillingar, å laga ein situasjon o. a. — , og med grundige åtgåingar på førehand. Det kan vera bra å leia borna inn på ei oppgåve ei tid i førevegen, så dei kan få høve til å samla stoffet og gjera åtgåingar. Arbeidsstoffet må verta lagt til rettes med samarbeid mellom lærar og elevar. Læraren bør studera borna og føra dei inn på oppgåver som interesserer dei, som høver med alder og framgangssteg, og som er i samsvar med tilhøva borna lever under. Fastsette oppgåver for dei ymse skuleåra må ein rå ifrå. Mange born vil gjerne ta snarvegen og teikna etter prospektkort, bilete o. 1. Teikningar som vert til på denne måten har ikkje barnet sjølv forma, ut ifrå eit indre syn, men det er ei ettergjerd av ytre drag. Dei er difor oftast utan verkeleg verd, og dei har lite verd for framvoksteren til barnet. På same måten verkar og perspektivreglar og anna rettleiing som ikkje tek sikte på den indre voksteren. Teikninga må vera eit produkt av det åndelege arbeidet til barnet, og det er både sjelelege og kroppslege faktorar som avgjer forminga. Trass i ufullkomenskapen har teikningar som barnet formar ut ifrå det som det har opplevt, gjerne ein indre samanheng og einskap i den ytre formoppbygginga og. Verdet som teikninga har som oppsedingsmiddel i folkeskulen grunnar seg på 1) at det er ein intim samanheng mellom teikninga og barnet si eiga førestellingsverd, og 2) at barnet gjennom eige arbeid og med rettleiing frå læraren finn fram til dei uttrykksråder som høver for det. Ved å skifta oppgåver og ved å måta krava omhugsamt til etter yteevna, motarbeider ein hemjingar og modløyse hjå seinkomne born. Heilt til slutten av 5. skuleåret bør ein leggja hovudvekta i teikneopplæringa på førestellingsteikning. I 6. skuleåret tek ein varsamt til med å bruka bunden teikning.
Skann 174 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 172». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/174/