SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 171 skann 173

171 i teikninga. Let edn eit barn heilt eller i nokon mon kopiera teikningar, vert ikkje teikninga forma, d.v.s. ho spring ikkje ut av eigen tankegang og er ikkje eit ekte uttrykk for kva barnet kan makta. I slike teikningar finn ein oftast ed blanding av drag som svarar til formingssteget, og anna som kjem av tankelaus etterlikning. Ei slik teikning vantar formsamanheng. Opplæringa må gjeva høve til arbeid i så frie former at elevane får bruka sin eigen uttrykksmåte og syna kva dei (maktar å forma av det dei har opplevt, sett, av tankar og hugsyn på dei yonotse framgangsstega. Fastsette framstellingsmåtar (typar, perspektiv-konstruksjon o. 1.) må ein ikkje bruka. Opplæringa må og ta sikte på å styrk ja og øya opp borna si førestellingskraft og biletformande evne, fremja givnaden deira for skapande arbeid og øya opp form- og fargekjensla deina. Dette når edn mel. a. med at borna stendig får høve til samanlikning, til å koma med merknader og framlegg til oppgåver osb. Teikninga vert på denne måten eit ålmenndanande fag som og får noko å seia for borna når det gjeld kunstnariske og kulturelle verde. Museumsvitjing er nyttig for teikneopplæringa. 2. Teknikk. Læraren må gjeva rettleiing i å bruka formålstenleg materiale og reiskap, t. d. blyant, tørr og våt farge, farga papir, einfelte prentteknikkar, redis-penn o. 1. Han må kunna avgjera kva verd materialet har når ein skal greia ei oppgåve, t. d. kva slag oppgåver ein best kan arbeida ut med farge, som fargelagd teikning, berre som teikning, farga papir som hjelp til å fremja fårgesansen, å bruka penn (motarbeider mel. a. misbruk av viskeler) osb. Ikkje alle born greier å bruka alle desse hjelpemidla. Læraren må difor kunna seia frå kva slag materiale som høver best for dei einskilde born når dei skal løysa dei ymse oppgåvene. Ein bør skifta storleik på teiknepapiret. Då og då bør borna teikna i større format og, t. d. ved sams oppgåver. Ein bør 6g bruka veikfarga papir. Borna må etter kvart læra å nytta ut teikneflata (papiret) og læra å plåsera teikninga i høve til storleiken på papiret. Dette fører ein vidare i teikning på bruksting ved oppgåver med prydande grunndrag. Døme: Skrift og tilbunad i og utanpå arbeidsbøker, plakatar, pryding på sløyd- og handarbeid. Når ein skal plasera prydnaden, må ein ta omsyn til flata si oppdeling og utfylling. Døme på det har vi i god norsk folkekunst og i det beste av brukskunsten i notida. Av tekniske hjelperåder kan ein nemna: Vassfargar, dekkjande vassfargar, fargestiftar. Klisterfarge. (Anilinfarge — som er løysande i vatn — utrørd i klister som er laga av arabin, potetmjøl, dekstrin e. 1.)
Skann 173 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 171». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/173/