SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 173 skann 175

173 IV. Arbeidsplan for skuleåra. 1. Førestellingsteikning. 1. — 3. skuleåret. Her er teikninga førestellingsteikning. I desse skuleåra teiknar og formar borna så mykje som råd er i samband med den andre opplæringa. Déi illustrerer eventyr, lesestykke og emne i samband med heimstadlæra. Dei bør og få teikna bilete til dei skriftlege norskarbeida sine osb. Av høvelege oppgåver kan ein nem na Frå sumarfritida: Båtar, bilar, tog, bading, fisk, støl, bondegård og livet der, tre, blomar o. 1. Høve frå kvardagslivet: Når eg vaknar, eg vaskar meg, vi et frukost, eg går til skulen, skulestova, mor vaskar golvet, mor er på bua og kjøper, mor lagar mat, vi et middag, eg les på leksene, når eg legg meg, — juletre, julenisse, julaftan heime, julegåver, påskeegg o. 1. Borna leikar seg ute og inne: Slå på ringen, sisten, vi sklir, vi kastar snøball, i kjelkebakken, på skeiser, på ski, — dokker osib. Einskilde dekorative oppgåver høver det og å gjeva: Arbeid på farga papir, forming i leire og plastilina kan ein og bruka. 4. og 5. skuleåret Døme på oppgåver til hjelp ved teikneopplæringa. Fantasioppgåver til å auka den impulsive teiknehugen åt elevane og sjølvtillita deira: Eventyr, troll, nykk, sjøorm o. 1. Pannekakehuset, trollkjerring, julebukk Oppgåver til prøver for å sjå formingssteg, gløggskap til å finna på, og uttrykkstyrke : Hus i hage, ting frå næraste området til borna, eit dyr dei likar os>b Oppgåver som syner line føring: Trea om vinteren, trea i sumarbunad. Fargeoppgåver: Trea om hausten, lauvfall. Eventyrtre, eventyrblomar, fivrelde, ty til surna rkjole Oppgåver med menneske og dyr (her oppøving i detaljar) : Skiløypar, skeiseremnar, andlet (julemasker) osb. Draghundar i løypa. Hunden vår. Katten vår. Gris. Snøkøyring med hest. Oppgåver bundne til slikt som borna har op pl evt: 17. mai, 1- mai, valdag, juletreet, juleannsemd,
Skann 175 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 173». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/175/