SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 170 skann 172

170 estetisk kjensle o. m. Difor kan ein no berre på eit skjøn og til ein freistnad setja opp minstekrav for det frie, formande arbeidet i teikning. 1. Førestellingsteikning. Opplæringa skal ha fremja evna som borna har til biletrett, klår forming i samsvar med givnaden deira. Storparten av elevane skal etter førestillinga kunna få fram einfelt, klårt og med naturleg iformrsamanheng 1 eit stoff dei interesserer seg for og er velkjende med. Med høvelege oppgåver og med å bruka ymse slag vyrke skal dei ha lært dei mest einfelte 'prinsipp for ei harmonisk fiateoppdeling, ha øvt seg opp i teknisk dugleik og ha fremja sansen for rett bruk av hjelpemiddel og materiale («materialkjensle»), såleis at dei brukar dei tekniske hjelpemidla (blyant, farge, tusj, kol, farga papir, linoleum) på reinsleg og formålstenleg måte. (Sjå rettleiing og arbeidsplanen for dei ymse skuleåra.) 2. Avteikning (bunden teikning). Elevane skal med teikning kunna gjera greie for viktige liner og høve (og fargar) ved ting dei ser eller har sett, og som har einfelt, klår og lettskjøneleg form. 3. Fagteikning (teikning i samband med andre skulefag). I samband med andre fag (norsk, .geografi, naturfag, sløyd, handarbeid osb.) skal elevane kunna nytta teikning til klårgjering og til å prenta inn, til illustrasjon, til einfelte utkast, arbeidsskisse, fargeframlegg o. 1. (Skissering i arbeidsbøker, på veggtavle, teikning på og etter museumsvitjing, føre og etter skulefilm, på og etter utferder, skisser av freistnader i naturfag, å teikna flater og stereometriske ting i samband med rekning o. m.) 111. Rettleiing. 1. Opplæringsgrunnlag. Den frie forminga er grunnlaget både for opplæringa i teikning og for å bruka teikning i samband med andre fag i skulen. Denne forminga får fram dei førestellingsbileta som har laga seg hjå borna av det dei har sett, eller sansa på andre måtar. I planen vert denne teikninga kalla førestellingsteikning. Opplæringa byggjer på kjennskap til det psykologiske grunnlaget for biletforming hjå born, og kunnskap om dei ymse framgangsstega i barneteikning. Læraren må kunna avgjera om forminga er klår, og om det er einskap og samanheng •Sjå Rettleiing.
Skann 172 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 170». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/172/