SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 169 skann 171

X. Teikning. I. Mål. Målet for t&kneopplæringa er: 1. å fremja evna til å få fram indre livshende og med vitande åtgåingar med hjelp av form og farge. 2. å fremja og styrk ja givnad for formande arbeid hjå born med å gjeva opplæring i å bruka ymse formålstenleg vyrke. Teiknearbeid i folkeskulen driv ein som 1) fritt formande arbeid med det borna har sett, opplevt og røynt til grunnlag, og 2) bunden teikning (avteikning), fastsett av føremål og bruk. 11. Minstekrav. 1 Fri forming (f ø res telling s teikning). Både metodisk og i å velja arbeidsstoff må det vera fridom i opplæring av dette slaget. Difor er det både vanskeleg og utilrådeleg å slå fast ei viss norm for resultata som ein meiner borna skal ha nått når dei sluttar det 7. skuleåret. Dessutan har vi enno for få røynsler å byggja på, for di dei stemneleier som finst i denne planen, er etter måten nye hjå oss, og arbeidet etter dei jamtover i skulane berre er i byrjinga. Teikneopplæringa er i sterk vokster, og ein må venta at krava som no vert sette, må brigdast etter kvart. Det som her vert nemnt, må ein difor helst ta som ei peiking på kva lei krava kan gå i. Krava må heller ikkje verka til å binda eller avgrensa opplæringa, som og tek sikte på å fremja evner og krefter på område der ein vanskeleg kan påvisa synlege resultat, t. d. fantasi, evna til konsentrasjon, 1 Ein må mata til stoffet etter tida og dei serskilde tilhøva ein arbeider under.
Skann 171 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 169». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/171/