SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 14 skann 16

14 og vilkår for arbeidet. Barnet får den praktiske rettleiing som just den aktuelle oppgåva krev. Eit av dei viktigaste opplysningsmiddel — lesinga — vert ein effektiv lekk i skulearbeidet når bøkene stendig vert tekne inn i det. Elevane vert vane til å lesa i bøker der dei finn forvitneleg og gjevande kunnskap. Uroa beist ikkje barnet i leiken eller arbeidet. Lat det helst få driva på så lenge hugen varer. Det er det naturlegaste og beste — serleg er dette bra dei fyrste skuleåra. Det er eit av dei store boda i barneoppsedinga. Dette bør ein ta turvande omsyn til, så ein ikkje tarvlaust skifter arbeidsemne frå time til time. Er borna svært annige med eit arbeid, bør dei helst få gjera det ferdig, endå om ein etter timetabellen skulle ta eit anna emne. Det individuelle arbeidet gjer at dei ymse elevane i klassa kan arbeida med ulike emne og fag i den same timen. I det individuelle arbeidet må læraren passa på at ikkje noka verkeleg naudsynleg opplæring vert forsømd. Gruppearbeid. Aktive born vil gjerne vera sjølvhjelpne og sjølvstendige. Dei vil og gjerne vera med og velja arbeidsoppgåvene og drøfta arbeidet. Ansvarsmedvitet vaknar når dei sjølve fastset det dei vil læra. Når ein drøfter oppgåva, fell det naturleg å skipa grupper som samarbeider om den oppgåva som er vald. Gruppa vel helst sjølv føraren sin, og arbeidet vert bytt. Samarbeidet er i gang, kvar einskild i gruppa tek sin part. Det er til gagn for elevane å læra å arbeida i lag. Samarbeidet gjer ofte at oppgåvene vert utførlegare og betre løyste. Kritikken vert skjerpt, vyrdnaden aukar for arbeidet som andre gjer, og kameratskapen vert styrkt. Geografiske, biologiske, historiske og fysiske oppgåver, dramatisering, kartarbeid osb. innbyd ofte til gruppearbeid. Like eins sams arbeid, t. d. bygging og forming i sand og leire, grafisk framstelling, handarbeid og teikningar. Hjå dei fleste born er trongen til selskap, til å vera med i flokken, mykje sterk. For dei er det naturleg og morosamt å vera med i gruppearbeidet. Ei større sams oppgåve i rekning, i teikning, geografi, biologi osb. vil eggja arbeidshugen hjå dei og få dei til å gleda seg. Sume born har imot samarbeidet med kameratar. Ingen må røra arbeidet deira, ingen må sjå det. Slike asosiale born vil og oftast litt om senn verta dregne inn i arbeidet som er sams for gruppa, og firma utløysing og kjenna seg til freds i kameratflokken. Gruppearbeidet er ein viktig lekk i arbeidet i skulen. Frå barneåra må borna leva seg inn i hopelaget, i samfunnslivet. Borna kjem som einskildmenne med sin sersvip. Men dei skal leva saman med dei andre og arbeida i lag med dei. Dei ulike evnene dei einskilde borna har, skal skulen — så langt han
Skann 16 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 14». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/16/