SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 166 skann 168

166 4 5 mindre lineavstand, t. d. 4 mm : 4 mm : 4 mm. Alt frå 3. skuleåret bør ein då gå over til blad og bøker med ei line. Endå om ein nyttar lånesystem, bør i alle fall alle dei elevar som etter læraren si meining greier å skriva utan liner, få høve til det, .men alle elevar skal få noko øving i å skriva både med einskildliner og utan liner før dei går ut or avgangsklassa. I dei siste skuleåra bør edn lata elevane øva seg i å auka skriftstorleiken (overskrifter, adresser, meldingar) eller gjera han mindre (skriftstorleik som svarar til linesystemet på posttilvisingar e. 1.). Skriftformer. Skriftformene må vera lette å skjøna for bom og lette å læra. Dei må difor vera så enkle og klåre som råd er. Fyrstundes høver steinskrifta dei kallar (antikva — store prentbokstavar) eller dei små prentbokstavane bra. Seinare går ein over til den vanlege skriveskrifta. Ein slik framgangsmåte vil mel. a. auka skrivehugen hjå borna og gjev difor godt høve til arbeid og øving på eiga hand. Har ein ikkje tid til det, må ein avgrensa eller lata vera ar r beidet med dei skriftformer som her er nemnde til skrift for næmingar. Til grunn for opplæringa legg læiraren skriftformer som må fylla krava som er nemnde framanfor. Når så barnet har lært dei faste grunnformene, må læraren lata det få arbeida noko friare. Med rettleiing frå læraren kjem då elevane etter kvart til å setja sin personlege svip på skriftformene. Ein kan ikkje rå til å nytta skrivehefte med forskrifter. Dei fører lett til ei mekanisk og pedantisk etterlikning. Elevane bør ikkje støtt vera slavisk bundne til forskrifter såleis som det var i den gamle skriveopplæringa. Ikkje berre når det gjeld bokstavformene og sjølve skrifta er det viktig å fremja ven leik ssan sen hjå elevane, men og når det gjeld å plasera teksta på bladet og papiret såleis at det heile vert så vakkert som råd er. Her og må eleven få mest mogeleg fridom med rettleiing frå læraren. Sjølve opplæringa. Før ein tek til med sjølve skriveopplæringa, bør ein øva muskulaturen i arm, hand og fingrar på elevane i dei rørsler som er naudsynlege for skrivinga. Denne skriv egymnastikken held fram i sjølve skriveopplæringa og, såleis når elevane lærer dei einskilde drag i dei ymse bokstavformer, når ein skriv på veggtavla osb. I fyrstninga må ein avgrensa både føreøvingane og sjølve skrivinga til få minutt, så elevane ikkje skal verta trøytte og leie av arbeidet.
Skann 168 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 166». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/168/