SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 167 skann 169

167 I dei fyrste skuleåra har ikkje skrivinga serskilde timar, men er som dei andre faga ein del av heile opplæringa. I dei siste skuleåra vert skrivinga eit serskilt fag, og der driv ein øvingane i noko lengre tid om gongen (t. d. opptil y 2 time. I alle skuleåra må ein koma i hug at ein ikkje let elevane halda på så lenge med ei einskild skriveøving at arbeidet kjennest trøyttande og keisamt. Serleg på næmingssteget bør teikninga vera til stønad for skrivinga, t. d. ved planlagde teikneøvingar som mel. a. tek sikte på å øya skrivemusklane. På same måten har elevane brok for å skriva i teikneopplæringa (innskrift på teikningar o. a.). I seinare skuleår og bør skrivinga og teikninga stø einannan. Dette gjeld helst når skriveoppgåva skal vera sers smakfullt og fint fråseggjord. Når borna har lært å skriva bokstavane, lærer dei å binda dei saiman til ord, og orda til setningar. Når læraren rettleier eleven om skrifta hans, gjeld det alltid å firma årsaka til den dårlege skrifta, t. d. vanskar med syna. Han bør ta noko omsyn til alle skriftlege arbeid, og ikkje minst viktig er det å sjå på kladdebøkene til elevane, der vanskapnadene og uvanane i skrivinga har lettast for å koma fram. Elevane må og læra å lesa skrifta åt andre, ikkje berre si eiga. Øving i å lesa det andre har skrivi, kan dei få med å lesa skrifta åt kameratane, eller med å lesa brev e. 1. frå livet utanfor skulen. Kvart skuleår bør det vera eit par skriveprøver som læraren har å stø seg til ved verdsetjing og rettleiing. Når ein verdset skrifta, er det fleire ting ein må sjå etter: høvet mellom høgda på dei einskilde bokstavane (legg vekt på høvet 1 : 1 : 1), bokstavvidd, ordavstand, lineavstand (når ein skriv utan liner), hallingsvinkel, korleis bokstavane er samanbundne til ord, snøggleik, sleng, formløyse, jamskap, kva verknad rettleiing frå læraren har hatt o. 1. Elevane må mest råd er, sjølve vera med og verdsetja skriveresultata sine. Snøggleik. Endå om ein må ta omsyn til det personlege tempoet til dei einskilde elevane, skal ein frå 4. skuleåret freista få aukande snøggleik i skrivinga, men sjølvsagt ikkje så at det fører til slurv og dårleg skrift. Ei radig skrift utan sleng er det beste grunnlagiet for snøgg skrift. Til prøver på snøggleik (som ikkje må ta mange minutt) brukar ein stoff som er lært godt utanåt, og avskrift.
Skann 169 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 167». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/169/