SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 165 skann 167

165 2 3 6g. Skrive stillinga må vera såleis at skriverørslene (finger-, hand- og armrørsler) vert så lette å gjera som råd er. Inga uturvande muskelspaning. Ved ei slik stilling og med ein formålstenleg skrivereiskap fell det til vanleg naturleg å lata bokstavane stå nokolunde loddrett på linene. Skrivere i s k a p a r. Fyrstundes brukar elevane berre krit, fargestift og blaut blyant. Seinare lærer dei å bruka penn og. Den vanlege spisspennen høver minder godt for born, serleg for yngre born. Derimot høver ein kules piss penn eller ein panne penn godt. (Fyrste slaget av desse pennane er kuleforma i spissen, andre slaget har ei «panne).) Desse pennane gjev einsarta jambreie liner og fell etter måten lette å bruka for næmingar. Ein platepenn vil vanleg høva godt til fyrste penn. Seinare plar oftast kule spis spennen vera glupare. Frå 3. eller 4. skuleåret kan det høva bra å gå over til ein breikantpenn (til vanleg høgreskoren) som gjev bokstavdraga ulik styrke. Når det spørst om å velja pennar, bør læraren ta rimeleg omsyn til kva slag penn eleven sjølv likar best. Serleg gjeld dette for eldre elevar. Elevane skal læra litt om korleis pennen er, og korleis han verkar. Då kan dei lettare velja rett. Kulespiss- og platepennar høver elles for alle alderssteg, og dei kan og nyttast til ymse slag prydskrift. Skriveflata. Fyrstundes brukar elevane veggtavle og grovt papir (maskinpapir), seinare glatt papir — om ikkje før, så når dei tek til å skriva med penn og blekk. Lause blad som ein kan samla i mapper eller setja inn i hefte, er laglegast. Arbeid som eleven har vori minder heppen med, bør ein då ikkje gøyma i mappa eller i heftet. For ein stor part av elevane er det bra at dei frå fyrsten lærer å skriva utan liner. Ein stor føremon med dette er at ein då ikkje tvingar elevane til ein fastsett storleik på skrifta, som ikkje fell naturleg for dei. Får elevane skriva fritt utan at dei er bundne av linesystemet, vel kvar elev den skriftstorleiken som høver best. Dette hjelper til å skapa ei fri og naturleg skrift, men læraren må rettleia og hjelpa til med å gjera skrifta så tydeleg (lett å lesa) og fin som råd er. (Han rettar på bokstavformene, på høvet mellom over-, under- og medel slengder, avstandet mellom bokstavane, bokstavhallinga osb.) Så framt ein brukar linesystem, bør dette i fyrstninga vera tredelt i høvet 5 mm : 5 mm : 5 mm, seinare med noko
Skann 167 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 165». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/167/