SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 164 skann 166

IX. Skriving. I. Mål. 1. Tydeleg, enkel, snøgg og vakker skrift som fell naturleg for elevane. 2. Nokre av dei lettaste former for prydskrift. 3. Opplæringa skal øva auga og hand, fremja sansen for orden og vakker form, og styrk ja gode arbeids vanar. 11. Minstekrav Tydeleg, enkel, skikkeleg og nokolunde snøgg skrift som fell naturleg for eleven. 111. Rettleiing. 1. Skrive sti Iling. Den stilling som elevane har når dei skriv, må vera så fri og naturleg som råd er, og såleis at ho ikkje på nokon måte verkar til skade for kroppsburden. Like eins må eleven halda skri ver ei skapen (penn, blyant, fargestift o. a.) såleis som det best høver for han. For dei fleste elevane vil ei og same skrivestilling — normalstillin 1 — høva bra, men ikkje for alle. Difor må ein måta norinalstillinga til etter serlaget til kvar einskild elev. Serleg varsam må ein vera med born som er keivhendte. Ein bør øva dei i å bruka høgre handa, men helst ikkje tvinga dei. Ei keiveleg og unaturleg stilling verkar til skade for skrifta 1 Eleven sit midt framfor bordkanten (ikkje på skrå) og høveleg langt til- bake på stolen, heile overkroppen (med rett rygg) bøygd framover med hovudet litt meir bøygt enn kroppen, båe akslene lægde, høgre handa og noko ar under- armen kviler lagleg på bordplata med veslefingersida ned. Ein held pennen (blyanten) mellom ytste ledene på langfingeren og tommelfingeren med ytste leden på peikefingeren ovanpå pennen. Pennen, som vender meir eller minder oppetter mot høgre, ligg inn mot øvste leden på peikefingeren. Nedste kanten av skriveflata (skriveheftet) om lag parallelt med bordkanten — når skrifta skal vera nokolunde loddrett.
Skann 166 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 164». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/166/