SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 13 skann 15

13 uheldig å lata born som er glupe til å lesa, berre sitja og fylgja med når dei som ikkje har vunni fram til å lesa godt nok, får opplæring. Dei glupe lesarane bør i slike høve — så langt råd er — få lesa på eiga hand eller gjera anna arbeid. Noko liknande gjeld andre fag. Dei støe og snøgge reknarane t. d. må få reknestykke som høver for dei, og ein må ikkje tvinga dei til å «fylgja med» når læraren av omsyn til dei som det går tyngre for, går igjennom stoff som dei hævare elevane alt kan greia. Dei klenare har same krav og rett. Individuelt arbeid (og gruppearbeid) vil her gjeva både tildriv og spara tid. Den individuelle opplæringa kjem kvar einskild elev til gode, kvart barn får — så langt råd er — arbeida med noko som det har hug til, og som det greier. Læraren tek imot arbeida frå alle elevar med den same skjønsemd og vyrdskap. Arbeida vert kontrollerte, og kvart barn får den rettleiing som er turvande. Dei eldre og glupare borna kan sjølve på ymse vis vera med og kontrollera. Med dette vert dei eggja til å ta fatt på nytt, og dei lærer litt om senn å gjera arbeidet betre, planleggja det og verdset ja det. I ein verkeleg arbeidsskule syner det seg at elevane slett ikkje skyr arbeid med emne som fell vanskeleg for dei. Hugen til å greia vanskane aukar sterkt i klasser der — så langt råd er — alle elevane får arbeid som høver for dei, og der ein ikkje driv med å gå igjennom lekser og høyra lekser som vanleg form for opplæringa. Når ein rettar mistak, er det ofte best å gå igjennom mistaka med kvar einskild elev (individuell retting), og aldri må ein gå igjennom mistaka på ein slik måte at det verkar sårande på eleven. Det er mistaket, ikkje elevane ein skal ha for seg. Viktig for å halda interessa ved lag og for å eggja arbeidshugen er det at elevane får vera med og leggja plan for arbeidet og drøfta arbeidsoppgåvene og framgangsmåten. Dei får seia noko sjølve, ikkje berre høyra. Dei lærer å granska ei sak og gå til kjeldene. Dei spør i heimen, dei går til boksamlingane, musea, til stader der dei kan få greie på saka. Denne arbeidsmåten er naturleg. Såleis må ein fara åt når ein vil læra noko seinare i livet og: røkja etter, spørja seg føre, samtala og lesa. For vaksne og for born har det mykje å seia å kjenna seg fri. Når born får rå seg sjølve, teier dei ikkje stille — dei svallar laust. Samtalen i klassa er difor ein naudsynleg lekk i det friare arbeidet. Lærar og elevar kjem i det rette samband med kvarandre, og eit gagnleg samarbeid vert bygt opp. Læraren lærer å kjenna barnet si meining, utviklingsstandpunkt
Skann 15 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 13». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/15/