SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 155 skann 157

155 11. Praktiske oppgåver: Oppgåver med e i rekningsart og lette oppgåver som krev to rekningsarter. Sjå elles 111 bolken, 2. punktet. Litt om kva eleven på dette steget greier av rekneproblem — sjå I, tillegget. 5. skuleåret. 1. Heile tal: Øving i tabellane. Å ta opp att det stoff elevane er ustøe i. 2) Øving i addisjon. 3) Addisjon og subtraksjon med større tal — på jamnen ikkje over 5-sifra. 4) Multiplikasjon med opptil 4-sifra multiplikand og 1-, 2- og 3-sifra multiplikator. 5) Divisjon med opptil 5-sifra dividend og med 1 og 2-sifra divisor. 2. Desimaltal: 1) Multiplikasjon og divisjon med dekadiske einingar — serleg 10, 100 og 1000. 2) Addisjon og subtraksjon. 3) Å multiplisera desimaltal med heile 1- og 2-sifra tal. Auking når den fyrste desimalen ein stryk, er over 4. 3. Vanleg brøk: 1) Brøk og heile tal — brøkomgrepet, å lesa og skriva brøk og heile tal. 2) Å gjera om brøk til heile og blandingstal — og omvendt. 3) Å addera og subtrahera samnemnde brøkar og blandingstal med nemnarar som det ofte kan vera bruk for i kvardagslivet (2 — 10, 12, 20, 30, 360 . . .). 4) Litt om løysande tal og primtal, sams mål. 5) Å utvida og korta brøkar. 4. Rekning med mynt, lengd, mål og vekt. (Og nokre lette oppgåver med tids- og telje-einingar) : km, m, dm, cm og mm, — t, kg, hg og g, — hl, 1 og di, — år, månad, veke, døger, time, min., sek., — dusin og tylft. 1 5. Å addera og subtrahera frå kvarandre sernemnde brøkar med små nemnarar (nemnar ikkje over 12), og der største nemnaren er eit multiplum av dei andre — inga skjematisk oppsetjing for å firma samnemnaren, såleis må ein ikkje bruka «flosshatten» e. 1. 6. Å multiplisera og dividera små brøkar med heile tal. 7. Praktiske oppgåver: Oppgåver som krev 1 og 2 rekningsarter. Sjå elles 111 bolken, 2. punktet og 111, tillegget. Om rekneproblem på dette steget — sjå I, tillegget. 1 Ein bør ikkje arbeida med vanskelegare omgjeringsoppgåver enn slike som det er spørsmål om å greia i kvardagslivet. Ein bør m. a. o. ikkje ta omgjeringsoppgåverj
Skann 157 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 155». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/157/