SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 12 skann 14

12 firma i den pedagogiske og psykologiske litteraturen som handlar om framvoksteren, oppsedinga og opplæringa til barnet, og difor bør det ved alle skular finnast eit godt utval av slik litteratur. Ei hjelp til å få noko kjennskap til barnet vil det og vera å prøva det med standardiserte evneprøver og skulemogenskapsprøver (individuell prøving). Men dette tek etter måten lang tid og krev og serleg kunnskap. Difor vil ein for tida kunna gjera ein slik etterrøknad berre i einskilde tilfelle. Til førehandsrettleiing kan det vera nyttig å bruka standardiserte gruppeprøver, men både dei individuelle prøvene og gruppeprøvene kan enno berre vera til noko rettleiing for skulen jamsides med annan kunnskap som ein skaffar seg om borna — ikkje noko meir. 1 Ein nøgnare kjennskap til elevane får ein ved å studera dei i arbeidet og ferda deira elles i skulen. Det er viktig å merkja seg korleis borna måtar seg til etter dei nye tilhøva: Korleis dei ter seg i leik og arbeid, kva dei talar om osb., og læraren bør notera noko av det han ender og då har merkt seg, så han kan sjå om borna fer annleis åt om den same situasjon tek seg opp att. På denne måten kan læraren få greie på om hans medferd hjelper eller ei. IV. Individuelt arbeid. Gruppearbeid. Individuelt arbeid. Eit viktig vilkår for at borna kan få mest mogeleg gagn av opplæringa, er at måtane ein underviser og arbeider på, vekkjer interesse og sparer tid. Den gamle klasseopplæringa med å tiøyra lekser, med spørsmål og svar osb. i samla klasse — nytta til vanleg undervisningsform — er ikkje godt skikka til å vekkja hug hjå elevane og tek for mykje kostesam tid av skuledagen. Etterrøknad om evner hjå elevane og om dugleiken deira i skulearbeidet syner — som nemnt er — sterk spreiing. Arbeidstempoet er og mykje ulikt. Det er ofte mykje vanskeleg å vinna sterk interesse, arbeidsdugleik og arbeidshug hjå dei fleste med slik klasseopplæring. Resultatet av arbeidet vert då 6g ofte minder fullnøyande både for dei evnerike og raske born og for dei som arbeidet går trått for. Den store skilnad på elevane viser vegen til individuell arbeidsmåte og individuelt arbeid. Det er t. d. urasjonelt og 1 Dette er det turvande her å seia serskilt frå om, av di mindre kunnige ofte har lett for å gjeva slike prøver eit verd som det ikkje er meininga dei skal ha — og heller ikkje har.
Skann 14 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 12». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/14/