SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 147 skann 149

147 eige, så det hjelper dei til å verta mest mogeleg støe i dei 4 rekningsartene. Dei ymse talsambindingane er ikkje like vanskelege å læra. Talet på opptatt-taka bør svara til vanskegraden, såleis at di vanskelegare sambindinga er, di fleire gonger må ein ta ho opp att. Ein bør prøva å få elevane til å skjøna at det dei skal øya seg i, er naudsynleg og nyttig, og — helst i dei fyrste skuleåra — bør ein så langt råd er, freista gjera øvinga morosam med å ta ho som ein eller annan leik. Det hjelper dg at ein i staden for å lata elevane rekna berre med tal som ikkje er namngjevne, let dei få rekna med ting som dei kjenner godt 6g, og då helst med ting som naturleg vekkjer interessa deira. Ein må syta for at borna får fullnøyeleg ombyte i øvinga, og oftast må ein ikkje lata dei arbeida for lenge om gongen med slike øvingsoppgaver. Serleg gjeld dette dei yngste borna. h. Både rett og snøgg rekning. Når det gjeld slike reknemåtar som elevane fyrst har lært skikkeleg, bør ein leggja vekt på både rett og snøgg rekning. Men ein må sjølvsagt heller ikkje masa på elevane for å få arbeidstempoet opp. Eit slikt mas kan lett gjera elevane urolege og nervøse, såleis at grannsemda minkar i staden for å auka. Skal elevane rekna oppgåver der det ikkje berre spørst om utrekningar av ymse slag, men der dei og må firma framgangsmåtane (problemrekning), så må dei framfor alt få den naudsynlege tida og roa til L tenk ja. Får dei for stutt tid på slike oppgåver, kan det lett verta mange feil. i. Det munnlegeordlaget. I dei fyrste skuleåra må ein så langt råd er, nytta dei ordlaga som fell mest naturleg for borna, og som dei lettast skjønar. Men dei ordlaga læraren brukar, må alt frå fyrsten vera rette, og der det er fleire ordlag, bør ein konsekvent berre nytta eitt av dei. Døme: 7 — 4 = 3. Her kan ein t. d. seia: Eg har 7, tek bort 4, har 3 att, eller: 4 frå 7 er lik 3. Framandord som t. d. addera, addend, subtrahera osb. bør ein ikkje bruka for tidleg. Elevane skal noko om senn læra å bruka rette språklege ordlag, men ein må ikkje retta på ordlegginga til borna så ofte at dei vert modlause. Ein bør og noko med kvart venja borna til å ikkje bruka uturvande ord, men læra dei å seia det dei skal, stutt og greitt. Sidan all vidare opplæring skal byggja på gjennomgått folkeskule, ville det vera bra å gjennomføra same ordlegginga i
Skann 149 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 147». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/149/