SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 146 skann 148

146 arbeidt gjennom noko nytt, og elevane med ei skriftleg prøve eller på annan måte har synt at dei skjønar det nye, tek ein til med øvinga, men heller ikkje før. Byrjar ein å få øya for tidleg, så vert det mange mistak, og elevar som har mistydt eit eller anna, kan koma til å øya seg opp i ein galen framgangsmåte som det vert vanskeleg å få retta på seinare. Dei fleste mistaka høyrer til visse slag som ofte kjem att. 1 Dei mistak som ein ser oftast, bør ein vera serleg merksam på og freista motarbeida alt fyrste gongen ein går gjennom stoffet. Øvinga må så langt råd er svara til kor vanskeleg stoffet er. Å driva uturvande øving er å sløsa med tida og arbeidskrafta til borna. Det vanskelegaste må ein arbeida mest med, og her må ein ikkje fylgja slike reknebøker og reknehefte der mengda av dei ymse slag oppgåver ikkje er i rimeleg samsvar med vansken, men tykkjest vera oppførde reint tilfelleleg. 2 Når ein øver, kan ein nytta ymse slag hjelpemiddel. Læraren kan skriva oppgåvene på veggtavla, han kan laga tabellar av ymse slag så store at heile klassa kan sjå oppgåvene. Ein kan dg bruka høveleg øvingshefte der mel. a. stoffmengda og stoffarta er avmåta etter vansken, og der det ikkje er oppgåver som lett fører til tankelaus rekning. Til å innprena dei grunnleggjande talsambindingane 3 — som er grunnleggjande for all rekning i skulen •— kan borna nytta høvelege tabellar, eller reknekort som har talsambindingane utan svar på den eine sida av kortet og med svara på den andre sida. Døme: 3 -f- 8 på den eine sida og 3 -f- 8 = 11 på den andre osb. Før elevane prentar inn dei grunnleggjande talsambindingane, må dei ha skjøna det dei skal læra. Når dei t. d. ved hjelp av åskodingsmiddel har lært at 8-f 5 = 13, bør dei prenta inn talsambindinga, som dei tek opp att og brukar i høvelege reknestykke. Både den fyrste innprentinga og repetisjonen må vera så grundig at elevane får stoffet til varande 1 Ved nokre amerikanske etterrøknader har det t. d. synt seg at i addi- sjon kom 25 pst. av mistaka av at elevane ikkje kunne sjølve talsambin- dingane (addisjonstabellen). I subtraksjon hadde 40 pst. av mistaka samanheng med B låneoperasjonane", og serlege vanskar med 0 var årsak til om 1. 20 pst. av alle mistaka. I multiplikasjon kom om 1. 50 pst. av mistaka av at elevane ikkje til fullnads hadde lært dei grunnleggjande rekneprosessane (tabellen), og noko liknande var det med divisjon. Divisjon viser seg elles å vera ei mykje vanskeleg rekningsart. Skal ein vera dugande i divisjon, må ein 6g vera ste i multiplika- sjon og subtraksjon. Det gjeld difor å ikkje ta for tidleg til med divisjon. 8 Ein amerikansk etterrøknad som galdt 6 av dei reknebøkene som var mest i bruk, synte t. d. at lettare talsambindingar ofte var oppførde fleire gonger enn tyngre: 8 + 3 var oppført 5 gonger, 5 -f- 5 109 gonger, 7 — 7 var oppført 8 gonger, 1 -r- 1 293 gonger, 81 : 9 4 gonger, 25 : 5 33 gonger osb. (Sjå R.) Addisjons-, subtraksjons-, multiplikasjons- og divisjons-tabellane.
Skann 148 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 146». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/148/