SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 148 skann 150

148 folkeskulen og i dei vidaregåande skulane — i den mon det utan vanske let seg gjera. 1 I denne normalplanen vert berre nokre få slike ordlag fastsette, som ein skal bruka i folkeskulen og dei høgare skulane, og som elevane skal ha lært når dei får avgangsvitnemål frå folkeskulen. I arbeidsplanen er desse ordlaga sette med kursiv. Dei ordlag o. m. som elevane skal læra, er oppførde i II bolken. j. Å føra rekneoppgåvene. Knapt i noko fag har ein betre høve til å læra elevane orden og grannsemd enn i rekning. På alle steg i skulen bør ein leggja seg om å læra elevane både oversynleg og rett oppsetjing og å føra stykka fint, endå krava må vera ulike på dei ymse stega når det gjeld dette 6g. Desse reglane bør gjelda for dei mellomste og serleg for dei øvste stega i skulen. I) Oppsetjinga bør vera såleis at ho tydeleg viser korleis alle tal som ikkje finst i sjølve oppgåva, eller som eleven sjølv skulle skaffa til rettes, er funne. 2) Framanfor det ein skal rekna ut, må ein skriva kva ein skal firma (kjøpesum, toll, salssum osb.) Det er ikkje nok å berre skriva opp tala. Ei «tekst» må vera rett, og så stutt og klår som råd er. Etter teksta kan ein setja kolon eller ikkje noko teikn. 3) På jamnen set ein alle endelege svar (d. e. svar på spørsmål i oppgåva) rett under kvarandre til høgre på sida. Underdei endelege svara set ein dobbelstrek. Alle liner bør ein gjera ved hjelp av linjal. 4) Utrekningane skriv ein jamnast ikkje opp i svaret. Vil ein for kontrollen skuld ha utrekningane 6g med, kan ein setja dei opp på eit ark for seg, eller elevane kan levera kladdane saman med dei reinskrivne svara. 5) Nemningsmistak finn ein gjerne svært ofte. Anten vert det bruka rang nemning, eller nemninga vantar. Desse tala skal ha same slag nemning: a) Alle tal i addisjon og subtraksjon: 4 m 3 dm -f- 2,7 dm = 4,3 m -j- 0,27 m = 4,57 m. b) Multiplikand og produkt: 25 kg X 4 = 100 kg c) Dividend og kvotient i deling svisjon: 15,6 m : 3 5,2 m. 1 Når elevane går over til vidaregåande skular, ville dei di sleppa å ..læra. opp att" eller å tru at dei har lært det gali i folkeskulen.
Skann 150 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 148». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/150/