SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 145 skann 147

145 klarar kanskje oppgåva, eller dei kjem eit stykke på veg. Då kan det vera bra at desse elevane får syna dei andre det resultat dei er komne til. Er det så nokon som ikkje skjønar framgangsmåten, går læraren nøye igjennom — i samarbeid med desse elevane — heile oppgåva på veggtavla. Elevane finn kanskje fleire måtar å rekna oppgåva på. Då drøfter ein dei ymse måtane, og freistar firma den beste, som då vert normal-framgangsmåten som alle elevane fører inn i bøkene sine. Slike normal-framgangsmåtar er det ofte heilt naudsynleg å læra borna om ein skal kunna nå fram til gode resultat i faget, og serleg om å gjera er dette for dei elevane som er minst dugande. Likevel bør ein vera noko varsam med å tvinga elevane til ein viss framgangsmåte, men lata dei få lite grann fridom til å gå eigne vegar, berre vegane fører fram. f. Lettar og kontroll. Det kan vera nyttig å læra elevane ymse lettar og «snøggvegar» i rekning. Men desse lettane og «snøggvegane» må vera einfelte, såleis at dei verkeleg fører likså sikkert og snøggare fram enn dei vanlege framgangsmåtane. Elevane tenkjer ofte ikkje over om dei resultata dei kjem til er rimelege eller ei, og dei kan difor gjera dei største mistak og koma til dei mest underlege resultat utan at dei sjølve har nokon tanke om at det er noko gali på ferd. 1 . Ein må difor venja elevane til å gjera eit førehandsskjøn eller eit overslag over kva svaret så om lag må verta. Eit overslag kan dei t. d. gjera med å rekna gjennom oppgåva med avrunda tal og samanlikna resultatet av overslaget med resultatet av den endelege utrekninga. Elevane bør og læra å setja prøve på reknestykka sine eller å kontrollera dei på annan måte. g. Øving i talrekning. På alle klassestega må elevane få fullnøyeleg Øving i talrekning — d. e. rekning med oppsette stykke eller stykke der oppsetjinga ikke valdar noko vanskar. Dette er heilt turvande skal ein kunna greia å rekna oppgåver frå kvardagslivet. Ein god regel er det å nytta 4 — 5 min. fyrstundes i dei fleste reknetimane til slik øving — munnleg eller skriftleg. Serleg må ein leggja vekt Då øving med små tal. Når ein har 1 Alle lærarar kan nemaa ei mengd med slike tilfelle. Eit par døme frå arbeidet til borna: Ein jarnskruv så stor at han ville få rom i ei vestlomme, reg over 1 tonn. Salssummen er mindre enn kjøpesummen, men endå tener seljaren mange prosent. Ein finn ut at renta for 1 år er større enn kapitalen. Flatevidda på eit vanleg golv er fleire hundre ni 4 . 10 —Normalplan for landsfolkeskulen.
Skann 147 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 145». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/147/