SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 144 skann 146

144 Ein må ikkje venta for mykje av evna elevane har til sjølvstendig arbeid, og framfor alt må ein koma i hug at denne evna er mykje ulik hjå dei ymse elevane: Sume greier svært lite med eiga hjelp og må ha rettleiing og stønad endå om arbeidet er svært einfelt og endefram, medan andre kan greia etter måten flokut og vanskeleg arbeid. d. Munnleg og skriftleg rekning. Munnleg rekning (hovudrekning) set ofte store krav til ansinga («etterlydnaden») og minnet. Er di for ansinga og evna til å konsentrera ansinga klen, så kan ein heller ikkje venta noka snøgg og stø hovudrekning. 1 Jamnast er vel elevar som er dugande i hovudrekning, og duglege i skriftleg rekning, men ikkje sjeldan hender det at elevar som er dugande i skriftleg rekning, har tungt for hovudrekning. Dette kan nettopp koma av at dei har vanskeleg for å hugsa tal og talsambindingar og for å samla tankane om oppgåvene. Slike born må ein ikkje gjera ustøe og modlause med for vanskelege oppgåver. Hovudrekning er og jamnast meir slitsam og mindre påliteleg enn skriftleg rekning. Faren for tankeløyse og mekanisering er gjerne større med skriftleg rekning enn med munnleg. Når elevane skal læra noko nytt, bør dei der det høver, fyrst få oppgåver som dei kan greia med munnleg rekning. Seinare driv ein munnleg og skriftleg rekning i lag, såleis at ein ven borna til å greia lettare utrekningar som munnleg rekning — allstad der det løner seg best. Der framgangsmåten med munnleg og skriftleg rekning er ulik, er det best å ikkje blanda dei to reknemåtane for mykje saman, men lata borna få nok øving i munnleg rekning før dei tek til med den skriftlege. %. Norm al -framgangsmåtar og arbeids skul eprinsippet. Ofte er det fleire måtar å løysa og føra eit visst slag oppgåver på. Av praktiske omsyn vél ein oftast berre ein av desse måtane til normal-framgangsmåte. Arbeid sskuleprin sippet krev at elevane og når det gjeld nytt stoff, skal vera så aktive som råd er, når det spørst om å firma fram til korleis ein skal løysa nye slag oppgåver. Det er difor om å gjera å skipa arbeidet såleis at elevane fyrst får høve til å prøva seg utan noko vidare hjelp. Sume av elevane 1 Til stønad for hugset kan ein skriva opp oppgåvene — eller berre nokre av tala — på veggtavla, lata elevane gjera stutte notat e. 1.
Skann 146 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 144». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/146/