SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 143 skann 145

143 Døme: Mor kjøper \ kg meierismør å kr. ... pr. kg og \ kg kaffi å kr. ... pr. kg. Ho betalar med ein 10-kronesetel. c) Elevane må sjølve skaffa alle opplysningar som trengst. Døme: 1) Mor bakar brød. 2) Vi gjer ei skuleutferd. 3) Kva kostar det å tapetsera stova heime. 4) Astrid syr kjolen sin sjølv osb. Når elevane skal arbeida med slike oppgåver, må ded mest råd er sjølve firma slike problem som høver, og dei må firma tal som er rette — d. e. tal som er henta frå kvardagslivet. Her får elevane nøgda utav høve til sjølvstendig arbeid, og har dei fyrst komi retteleg i veg, vil det ikkje skorta på framlegg til oppgåver. Det er fullt opp av emne frå livet i heimane, på skulen, frå dei ymse område i arbeidslivet osb. Framlegga vil verta ulike alt etter tilhøva på dei ymse stadene. Dei ymse årstidene og hendingane set og svipen sin på framlegga: Hausten vil — helst på landet — føra tankane bort på overslag som gjeld korn-, potet-, fruktavling osb. Om vinteren ligg det i skogbruksstroka nær å ta oppgåver som bar med tømmerhogster og tømmerkøyring å gjera osb. Tilfellelege hendingar gjev og emne: Det skal t. d. Vera ei idrottsstemne i nærleiken — talet på dei som er med^ prestasjonar o. nou Det står i blada om ein brann — trygding, økonomisk skade. Frå opplæringa i dei andre faga vil og elevane firma mykje tilfang til oppgåver, eller dei vel oppgåver frå livet elles på skulen : Vekt og høgd på elevane i klassa, ei skuleutferd, skulesparekassa osb. Arbeidsoppgåver kan ein ta som klasseoppgåver, sjølvstendige gruppeoppgaver eller som einskildmannsoppgåver — alt etter som det høver. Ved klasseoppgåver har heile klassa arbeidt med ei og same arbeidsoppgåva. Ein byter arbeidet mellom ymse grupper i klassa, og til slutt set ein saman og arbeider i hop resultata til heil løysing av oppgåva. Ei sjølvstendig gruppeoppgave er det berre ei einskild elevgruppe i klassa som arbeider med. Dei ymse arbeidsgruppene i klassa kan samstundes arbeida med ulike sjølvstendige oppgåver. Elevane bør få vera med og velja oppgåver (sjå framanfor). Det aukar hugen til arbeidet. Dei glupaste elevane må og få høve til å arbeida meir sjølvstendig med litt større og vanskelegare oppgåver som dei har sers interesse for (einskildmannsoppgåver) . Fleire eller færre elevar i klassa kan og ha den same arbeidsoppgåva (einskildmannsoppgåve) — på liknande måte som når ein arbeider med vanlege rekneoppgåver.
Skann 145 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 143». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/145/