SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 142 skann 144

142 opp på veggtavla e. 1., er nok turvande og nyttig til å byrja med, men det er helst berre ettergjering. Fyrst når elevane sjølve skal freista laga ei grafisk framsyning av ein einfelt tabell, og gjeva ei oversynleg framsyning med å firma ei høveleg skjematisk form, eller setja opp ein einfelt rekneskap osb., krevst det sjølvstendigare arbeid. Å rekna oppsette reknestykke og stykke der reknemåten er gjeven (t. d. : Legg saman 4,5 og 6,7 m osb.), krev ikkje noko nemnande sjølvstendig tankearbeid når ein har lært reknemåten. Dei vanlege praktiske («anvendte») rekneoppgåvene 1 (problem oppgåver eller tekstoppgåver som dei og vert kalla) kan setja mykje ulike krav til evna elevane har til sjølvstendig tankearbeid. Men her og kan arbeidet i stor mon verta ettergjering og tankelaus «regelrekning», og det vil lett kunna gå såleis så framt ein år etter år til avgangsprøva gjev oppgåver av nokolunde same slaget. For dei freistar til å leggja eit urimeleg stort arbeid på å greia nettopp det slag oppgåver som vanleg vert gjevne til avgangsprøva, utan at det vert tid til noko meir allsidig og sjølvstendig arbeid for elevane. Ein kan dela dei praktiske oppgåvene i to grupper etter den fridomen dei gjev elevane høve til, når dei skal arbeida med oppgåvene : 1) Oppgåver der både spørsmåla og dei opplysningar som er turvande til å kunna rekna oppgåvene, er gjevne eller bygde på at dei er kjende. Til denne gruppa høyrer alle vanlege rekneoppgåver. Her nar elevane ingen fridom til å gjera spørsmål sjølve eller få til rettes dei opplysningane som krevst til å løysa oppgåvene. 2) Oppgåver der elevane sjølve gjer spørsmåla og samlar det naudsynlege tilfanget — eller der dei i alle fall gjer det eine av dette (eigenlege arbeidsoppgåver). Nokre døme på slike oppgåver: a) Spørsmålet (eller spørsmåla) i oppgåva er ikkje medteki, men elles er oppgåva som dei vanlege rekneoppgåvene: Ein mann kjøper brød for kr. 2,50, sukker for kr. 1,60, ty for kr. 30,80, fisk for kr. 4,30, eit skopar for kr. 17,50, ved og kol for kr. 15,50. Han betalar med ein 100--kronesetel. Elevane tu-.i her gjera fleire spørsmål og gjeva svar på dei: Kor mykje kjøper mannen mat for? Ty og sko? ...... Kor mykje i alt? Kor mykje fekk han att på 100-kronesetelen? b) Spørsmålet (eller spørsmåla) er ikkje medteki. Elevane må sjølve skaffa nokre av dei naudsynlege tala før dei kan rekna oppgåva. 1 Oppgåver av dette slaget vert berre kalla praktiske oppgåver i det som kjem heretter.
Skann 144 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 142». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/144/