SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 141 skann 143

141 storleikane ein vil læra borna å kjenna, t. d. med a visa kor stor part den eine storleiken er av den andre (kor mange pst» det eine talet er av det andre osb.), kor stor skilnaden er mellom storleikane osb. — alt etter som det høver best. Ein samanliknar kjende avstand, høgder, flater og rom med mindre kjende eller ukjende. Serleg vanskeleg er det å gjera pengeverde klåre — helst når det gjeld større tal. Til å gjeva elevane førestellingar om pengeverdet kian edn etter kvart greia ut for dei kva ein kan få for fastsette pengesummar som dei har klår førestelling om, kva ein t. d. kan få av ymse slag matvarer, klede osb. for så og så mange kroner. Svært store summar kan ein og gjeva elevane ei førestelling om med å rekna ut kor lang tid ein ville bruka til å telja summen om ein talde ei og ei krone om gongen. På liknande måte kan vi klårgjera store avstand med t. d. å rekna ut kor lang tid eit snøggtog eller ein flygemaskin vil bruka til å fara så lang veg osb. c. Arbeidsskule p r i n s i p p e t. Ein må driva opplæringa slik at elevane får høve til mest mogeleg sjølvstendig arbeid — tilmåta etter givnaden og evnene deira for faget. Serleg i fyrsteopplæringa må elevane mel. a. få rekneoppgåver som krev at dei rører på seg. Samstundes som dei tel og reknar, må dei difor og ha noko å gjera med hendene. Dei må få flytta på pinnar og brikker og andre ting, arbeida med talhilete osb. Borna må og få teikna, klippa og modellera til stønad for rekneopplæringa. Serleg i dei fyrste skuleåra er høvelege leikar og spel mykje nyttige i rekneopplæringa og gjev godt høve til sjølwerksemd. Alt tidleg må elevane få øving i å måla og vega. Serleg i dei siste skuleåra må dei dg få litt øving i grafisk framsyning og anna teikning, som er til hjelp når dei skal greia ut om dei ymse problem. Sameleis må dei få noko øving i å fylla ut ymse slag blankettar og skjema frå kvardagslivet. Det meste av såvori arbeid vert ofte skipa såleis at det i hovudsaka berre vert ettergjering — ikkje berre i fyrstninga, men seinare og — utan å gjeva høve til noko sjølvstendigare arbeid. Men skal arbeidet ha mest mogeleg verd for framvoksteren til elevane, må ein skipa det såleis at det set rimelege krav til evna deira til å tenkja og til å greia problema mest råd er med eiga hjelp — når dei har lært framgangsmåtane. Å teikna opp ei grafisk framsyning eller lina opp eit skjema i arbeidsbøkene etter ei føreteikning, å føra inn i arbeidsbøkene einfelte rekneskapar etter eit rubrikksystem som er sett
Skann 143 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 141». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/143/