SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 140 skann 142

140 Litt om senn utvidar ein sakområdet og tek med høvelege reknestykke frå dei viktigaste sider i samfunnslivet: Frå arbeidslivet vert det emne som gjeld handverk og industri, handel og skipsfart, jordbruk og skogbruk, fiske osb., med di ein legg serleg vekt på det som høver best for kvart alderssteg og kvar stad. Like eins tek ein med emne frå andre viktige område i livet, emne som gjeld samfunnsspørsmål av ymse slag: Folkesetnadsspørsmål (folketal, fødslar, sjukdom, daude o. m.), arbeid og arbeidsløyse, emne frå det kommunale hushaldet (skattelikning, kommunebudsjett osb.), å fylla ut ymse skjema frå kvardagslivet, oppgåver i å lesa lettare tabellar frå den offentlege statistikken (t. d. tabellar i almanakka) osb. Tilhøva i landet vårt er mykje ulike, og det er uråd å laga oppgåver som høver like godt for alle landsluter. Jamsides med oppgåver (emne) som kan vera sams for elevane i alle skular, må ein og f inna oppgåver som svarar til dei serlege lokale tilhøva. Dette gjeld t. d. oppgåver frå arbeidslivet: I sjøbygdene t. d. høver det godt å henta emne frå fiskarnæringa, i skogbygder frå skogsdrifta osb. 3. Arbeidsmåten. a. Elevane må få tid til å læra ein ting om gongen utan å ta mange vanskar på stutt tid. Den monografiske metoden, som mel. a. krev at ein skal ta til med alle 4 rekningsartene, kan edn såleis ikkje telja til å bruka. Ein såvoren framgangsmåte fører lett til at elevane vert fortulla og ustøe. b. Opplæringa — serleg for dei yngre elevane — må veraklårog helst såleis at elevane får bruk for fleire sansar samtidig (syn, røring, rørsle, høyrsle) Fyrstundes tel og reknar ein med ting som kvart ibarn har og kan ta i og flytta på når det tel og reknar : knappar, pinnar, nøtter, brikker, talbilete osb. Seinare let em tinga tyda ymse slag bruksting (reknesymbol): Papirlappar kan tyda pengar, teikningar av ting kan tyda sjølve tingen osb. Litt om senn — og med varsemd — set ein så krav til dei evnene elevane har til å greia arbeidet utan slike skodingsmiddel, med di ein stendig vender tilbake til det konkrete og det ein kan sjå, når det er turvande. På alle klassestega må ein gjera tala og rekninga klår på ymse andre .måtar og — alt etter som det best høver: Ein nyttar teikning og grafisk framsyning (både lærar og elevar). Ein kan på ymse måtar samanlikna kjende storleikar med dei
Skann 142 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 140». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/142/