SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 139 skann 141

139 Det kan vera mange årsaker til skilnaden, men at evner og givnad er ei mykje viktig årsak, det viser mel. a. skilnaden i ei og same klassa der elevane får nokolunde same opplæring. Ein lyt freista firma ein slik skipnad at dei einskilde elevane — så langt råd er — får ei opplæring som best mogeleg svarar til det dei kan greia. Ein går då fram på ymse måtar — alt etter som det best høver : 1) Ein kan gjeva opplæring i stoff som er sams for heile klassa, og så syta for individuell rettleiing og øving. 2) Ein kan dela elevane i klassa i grupper etter dugleiken deira i faget og setja ulike krav til dei ymse gruppene. Jamsides med dette gruppearbeid kan ein lata einskilde elevar som er sers hæve, eller som står sers mykje tilbake, få arbeid som best mogeleg høver for dei osb. 2. Stoffet (oppgåvene). Emnet må vera avmåta etter givnad og evner elevane har i rekning. Det bør korkje vera for lett eller for vanskeleg. Det siste har gjerne vori eit ålment lyte. Det er lita eller inga nytte i å arbeida med eit stoff som er for vanskeleg for borna. Arbeid med slikt stoff er ikkje skikka til å fremja evnene og dugleiken åt elevane i rekning, men det vil tvert imot kunna gjera elevane modlause og ta' frå dei interessa og arbeidshugen. 1 Elevane bør mest råd er — med høveleg strev — greia reknestykka for det meste med eiga hjelp. Lyt læraren stendig hjelpa til med arbeidet, er stykka jamnast for vanskelege. Føresetnaden er sjølvsagt at elevane har eller kan skaffa seg dei kunnskapane som er turvande til å klara arbeidet. Elevane må heller ikkje få for mykje stoff (for mange reknestykke) å arbeida med. Det er ikkje fyrst og fremst mengda med oppgåver det spørst om i rekning, men at borna skjønar og eignar til seg stoffet. Dette gjeld serleg ded praktiske oppgåvene. Stoffet bør edn — serleg for dei yngre elevane — fyrst og fremst velja frå område som borna naturleg interesserer seg for og har noko kjennskap til frå leik og arbeid heime, på skulen og elles. Seinare må ein dg henta stoff frå område som elevane får kunnskap om i undervisninga, ved å lesa bøker og blad, eller som dei på annan måte har skaffa seg turvande kjennskap til. 1 Serleg dei elevar som det går tungt for i rekning, må ein passa på å gjera høvelege reknestykke. Dei må få arbeida med rekneoppgåver som dei kan greia, endå om dei berre kan vinna igjennom ein mindre part av pensum.
Skann 141 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 139». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/141/