SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 138 skann 140

138 parallell, parallellogram (periferi), pluss, prosent, rabatt, radius, rektangel, sentrum, sirkel, subtrahend, subtrahera, subtraksjon, tara, triangel. Det som høyrer til minstekrava, er jamnast sett med kursiv i arbeidsplanen. Elles må minstekrava verta nærare fastsette i dei reknebøkene som vert godkjende til bruk i skulen. 111. Rettleiing. 1. Skilnaden på kor dugande elevane er i rekning. Dei fleste elevane som byrjar i 1. klassa, har alt lite grann kunnskap og dugleik i rekning. Dei kan telja litt, dei kan få fram visse tal med å teikna strek, ringar o. 1., eller dei hjelper seg med ymse ting, t. d. pinnar, brikker o. 1. Sume kan og greia svært lette addisjons- og subtraksjonsoppgåver — ja, det finst dei som greier svært lette oppgaver i multiplikasjon og divisjon — t. d. å f inna dobbelt så mykje som 4, halvparten av 6 osb. 1 Men det er mykje stor skilnad på dugleiken, og skilnaden kjem seinare sterkt fram på alle stega i skulen. Då dei prøvde om lag 16000 elevar (over 500 klasser) frå 2. — 7. klassesteget i problemrekning 2 , synte det seg at på alle klassesteg var den klenaste klasseprestasjonen 3 frå om 1. 50 til om 1. 60 pst. av den beste. Skilnaden på elevane i ei og same klassa var endå mykje større: I sume klasser var det nokre elevar som ikkje hadde eit einaste rett svar, medan prestasjonane for dei duglegaste låg langt over prestasjonane jamtover for klassesteget. Ved ei prøve i skulepensumet 7. klassa (av om 1. 2700 elevar og om 1. 100 klasser) viste det seg at den klenaste klasseprestasjonen berre var 12 pst. av den beste. Skilnaden på dei einskilde elevane i ei og same klassa var her og svært stor. Jamtover var den klenaste prestasjonen berre 12 — 15 pst. av den beste 4 . At skilnaden kan vera svært stor, det veit og kvar ein lærar som har arbeidt ei tid i skulen. Dette syner at ein ikkje kan krevja det same av alle klasser og av alle elevane i ei og same klassa. 1 Lærarane må orientera seg om standpunktet til elevane før ein tek til med rekneopplæringa, så ein ikkje mel. a. brukar tarvlaus tid til arbeid som elevane kan frå før. Men har ein ikkje røkt etter, må ein aldri lita på at ele- vane har rett skjøn på tala dei tel og reknar med. 2 Standpunktprøver i regning, utgitt av Komiteen for pedagogisk forskning, Gyl- dendal Norsk Forlag, 1936. Der det seinare er vist til dette arbeidet, er det kalla St. R. * d. e. prestasjonen jamtover for elevane i klassa. 4 Arbeidsmåten i folkeskolen, Regning, Gyldendal Norsk forlag 1935. Der det seinare er vist til dette arbeidet, er det berre kalla R.
Skann 140 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 138». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/140/