SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 11 skann 13

11 Desse etterrøknadene saman med røynsler som ein stendig gjer i skulen, lærer oss mel. a.: 1) At ein ikkje må krevja det same av alle klasser og alle elevar i klassa, men avmåta kravet etter det dei ymse klassene og elevane kan greia, og 2) at ein ikkje må døma om arbeidet i ei klasse berre med å sjå resultatet av nokre prøver i faga utan å ha kjennskap tit evnene hjå elevane og føresetnadene deira elles for arbeidet i skulen. Målet for opplæringa er ikkje å hjelpa elevar med ulike evner og givnader til å verta like dugande i skulearbeidet, men å gjeva elevane ei opplæring som er i best mogeleg samhøve med evnene og givnadene deira. Mel. a. av omsyn til skilnaden som er nemnd her, er det i mange høve bra å dela klassa i grupper som får ulike oppgåver å arbeida med — alt etter evnene og hugen deira. Ei slik gruppe let ein då arbeida på eiga hand medan læraren ser til med den gruppa som just då mest treng hjelp. Ei såvoren gruppeopplæring kan det serleg verta bruk for i rekning og norsk, men og i andre fag. Elevane er 6g ulike i mykje anna enn evner og givnader for skulearbeidet: Eitt barn er nærtakande — eit anna er meir robust, eitt er seint og tregt — eit anna er livleg og verksamt, eitt er tunglyndt og ofte misnøgt — eitt har ljost og lett lynde og er jamnast glad og til freds, eitt kan knapt retta seg etter reglane for folkeleg framferd — eit anna har ingen vanskar såleis, eitt barn kjem lett til rettes med kameratane — eit anna kjem i ugreie med andre born i klassa rett som det er osb. A fara eins fram med alle desse borna og krevja det same av alle, det ville vera likså gali som om ein lækjar t. d. bruka dei same hjelperådene mot allslags sjukdom. For at læraren skal kunna gjeva alle desse ulike borna den hjelp og rettleiing dei treng, såleis at resultatet av arbeidet i skulen kan verta godt, må han så langt råd er, læra å kjenna dei einskilde borna og dei tilhøva dei lever under. Ein god regel er det alltid — når det er noko i vegen med eit barn — å freista f inna årsakene til barnet si åtferd i det heile: Kva er årsaka til at heimearbeidet vert dårleg gjort? Er det små evner, klen bustad, uro, uorden osb.? Kva er årsaka til at eit barn ofte er mismodig og tungt i hugen, at det fer stygt åt mot kameratane, at det kjem for seint på skulen osb.? Når ein har funni årsakene, då fyrst kan ein ha best von om å firma dei rette boterådene. Ei naudsynleg hjelp for læraren i arbeidet hans kan han
Skann 13 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 11». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/13/