SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 135 skann 137

135 loddbeint med ryggen mot deg om lag 30 cm frå augo. Sjå på boka skiftevis med vinstre og høgre auga. Er bileta like? 4) Det blinde punktet — kross og flekk på kvitt papir. 5) Gjer opp att linsefreistnadene frå fysikken til å greia ut om nærsynt og langsynt auga — briller. Blodet. 1) Få litt vispa og uvispa blod hjå ein slaktar — blodet levrast, blodvatn blodkake. Få noko febrin 6g. Vaska det — farge? 2) Teikna blodlaupet. 3) Lat 2 elevar samstundes telja pulsslaga i handleden og hjarteslaga til ein kamerat. 4) Gjer freistnaden opp att etter at kameraten har sprungi 50 m. 5) Bitt ein hyssing rundt ein finger. Kvifor bolnar fingeren opp? 6) Kjenn pulsslaget i din eigen handled. Lat ein kamerat pressa hardt mot innsida på overarmen. Kvifor vert pulsslaget veikare? Andedraget. 1) Vis fram lunga og barken på eit lite spenedyr. 2) Bitt ei glasrøyr til barken og blås luft inn i lungene. 3) Prøv og finn ut om det er den øvre eller nedre parten av bringa som rører seg mest: a) med roleg ånding, b) med kraftig ånding. 4) Fyll ei stor flaske halvveges med vatn. Så borar du 2 røyrer gjennom ein kork, ei bein sam er 1 m lang. Ho skal gå heilt ned i vatnet. Den andre er knebøygd og går berre gjennom korken. Blås kraftig gjennom den knebøygde røyra og sjå kor langt du kan driva vatnet opp i den beine røyra. 5) Mål vidda om bringa di a) med roleg ånding, b) med kraftig ånding. 6) Tel andedraga i */« minutt a) når. du sit roleg, b) når du har sprungi 50 m. 7) Pusta gjennom ei glasrøyr ned i ei prøverøyr med kalkvatn (akta augo). 8) Bitt pergamentpapir om opninga på eit bekarglas som det er kalkvatn i. Set glaset i ein sylinder med kolsyregass (osmose i lungene). Rein og urein luft. 1) Smør olje på ei glasplate og lat henne liggja ei stund i romet. Sjå så på henne med ei lupe. 2) Blås ei god stund med ein pustar ned i kalkvatn. Kvifor vert det gruggut? 3) Koka 2 stykke fisk i kvar si kolbe. Lat den eine kolba stå open, men set ein vattdott i den andre. Samanlikna fiskestykka om nokre dagar. Gjæring. Ha g vatn og 20 g honning i ei flaske og set litt jester i. Frå flaska fører du ei dobbelt knebøygd røyr ned i ei anna flaske som det er noko kalkvatn i — kalkvatnet vert gruggut. Lukta på innhaldet etter eit par dagar — alkohol. Alkohol. 1) Slå sprit på ei skål og kveik på han. 2) Haldt eit tørt bekarglas kvelvt over logen. Det vert vått. Skuva ei glasplate inn under bekarglaset og snu opp ned på det att. Ha så litt kalkvatn opp i glaset. Kva grunnto finn vi i alkoholen?
Skann 137 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 135». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/137/