SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 136 skann 138

VIII. Rekning. I. Mål. 1. Å hjelpa elevane til å få rett skjøn på dei vanlege tala (heile tal, desimaltal og vanleg brøk) og til å bruka tala på ein vitug måte i einfelt rekning, så dei snøgt, praktisk og sikkert kan løysa lettare rekneoppgåver som kvardagslivet krev, og gjera greie for utrekninga med å setja dei klårt og greitt opp. 2. Å gjeva elevane kjennskap til forma og storleiken på dei mest vanlege flater og ting, mel. a. ved at elevane sjølve får øving i å måla einfelte flater og ting og rekna ut vidda og rommålet deira. 2. Dei vanlege rom-, vekt-, tids- og telje-einingane (tylft, sneis osb.). 3. Lette stykke med å gjera om framand mynt til norske pengar. 4. Rektangel, trekantar, sirkelen, rettvinkla rom og sylinderen (sjå IV bolken). 8 J 5. Lettare stykke frå kvardagslivet (praktiske oppgåver) — tankeføring gjennom eininga, prosent- og renterekning, medeltalrekning, o. a. liknande oppgåver som kvardagslivet krev (sjå 111 og IV bolken). 6. Ordlag og framgangsmåtar som elevane skal læra å bruka: 1) 5 m + 8 m = 13 m. Les: 5 meter pluss 8 meter er lik 13 meter. d. e. ved slutten på 7. skuleåret — der ikkje anna er sagt. Om minste- krava for dei ymse skuleåra — sjå arbeidsplanen. Sml. merknad 1 s 54 (norskplanen). Tillegga I, II og 111 gjev noko rettleiing om kor mange pst. av elevane ein kan rekna med vil greia slike stykke som finst i desse tillegga når skulen ikkje arbeider under noko press av eksamen. 11. Minstekrav. 1 1. Dei 4 rekningsartene med heile tal, desimaltal og vanleg brøk. & 8
Skann 138 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 136». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/138/