SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 134 skann 136

134 Tillegg 11. Døme på demonstrasjonar og freistnader i helselære 1 : Bein bygnaden. 1) Stø endane på ein sauelegg e. 1., legg ei snor over midten på beinet og heng på lodd. 2) Legg eit bein i oppspedd saltsyre — kalken vert dregen ut. 3) Legg eit bein i varmen — beinjorda brenn opp. 4) Veg eit bein før og etter at kalken er dregen ut og beinet er godt tørka. Kor mykje kalk? 5) Saga av eit røyrbein. Kva finst i røyra? I endane på beinet? Skjer opp ein ledkapsel på eit slakta dyr og granska kapselen innvendes og utvendes. Musklar. 1) Flå huda av ein fuglefot og drag i dei ymse musklane — bøyemusklar og strekkjemusklar. 2) Veg ein muskel, tørka han i heit sand og veg han att. 3) Venn ein muskel i ei prøverøyr — det er kol i han. 4) Legg ein kolbrend muskel på eit blekkfatcog set éi lampe under — det er oske i han. Nervesystemet. Få fatt på heileskåla av eit slakta dyr med eit par halstoler hangande på. 1) Saga igjennom heileskåla og sjå vel på heilen. 2) Kløyv heilen — kvit og grå masse. 3) Skjer av heilestomnen og ryggmergen — farge? 4) A firma nervar i ein muskeh Sansar. Kjensla. 1) £ firma trykk-, smerte-, kulde- og varmepunkt på huda ved hjelp av t. d. spissen på ei spøte. 2) Set ein passar med oddane 1 cm frå einannan mot lippene, panna, nakken osb. og sei om ein kjenner 1 eller 2 spissar. 3) A ordna 3 øskjer (20, 25, 30 g) etter tyngda (muskelkjensle). Smaken. Stikk ein trepinne i sterkt saltvatn og ha han inn på tungetippen, tungerota og gomen. Kvar kjennest saltsmaken mest? Gjer sameleis med eddik- og sukkervatn. 2) Prøv kor mykje sukker eller salt du må ha i eit glas vatn for å få ein tydeleg smak. 3) Lat ein elev stå og halda att augo og klemma i hop naseborene. Gjev han eit stykke av eit eple og ein lauk og spør kva han et. Lukta. Prøv å firma eit stykke kamfer i eit rom når du går med attlatne augo. Når lukkast det best, anten når du andar på vanleg vis eller når du snufsar? Høyrsla. 1) Set dott i øyro, slå på ein tonegaffel og set han på hovudet, eller ta ei lommeklokke i munnen. Kva veg går ljoden? 2) Lyd på ei lommeklokke 1 m ifrå a) gjennom lufta, b) gjennom ein stokk. Syna. 1) Lat 2 elevar sjå på pupillane åt einannan medan den eine står med andletet og den andre med ryggen mot vindauga. Byt om. Storleiken på synsfeltet med eitt auga og med båe augo. 3) Haldt ei bok 1 Stort sett etter A. Strøm og O. Strøm: Spørsmål og forsøk til helselæren, J. W. Cappelens Forlag, 1938 — med samtykke av forfattarane.
Skann 136 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 134». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/136/