SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 131 skann 133

131 Endå om vi kjenner oss friske, så må vi vera varsame med det vi hostar opp. Vi kan godt gå med .smittestoff i oss sjølve jamvel om vi kjenner oss friske. Fyrste hjelpa ved ulykker. 1) bløding, sår, 2) beinbrot, fors tv ving og renging, 3) skambrenning, 4) skamfrysing, 5) ormebit, 6) drukning, 7) uvit. Plan for edruskapsopplæringa. Dei viktigaste kjemiske eigenskapane til alkoholen. Korleis ein lagar alkohol (æsing, destillasjon). Alkoholmengda i øl, vin, brennevin, heimelaga vin, sprit (sjå analysekassa til Landsrådet). Oppsuging, spreiing i kroppen, forbrenning, utskiljing: Ein greier ut om korleis alkoholen på same måten som t. d. sukker vert sogen opp frå tarmkanalen til blodet og brenn til kolsyre og vatn. (Blodprøva.) Alkohol som næringsemne: Når han brenn, skaffar han energi og varme på same måten som sukker, men utenleg til næringsemne for giftverknaden skuld. Giftverknadene. Alkoholen vert førd med blodet til alle celler og døyver verksemda deira. 2 Giftverknaden varer til all alkohol er oppbrend. Verkar sterkast på nervecellene, er jamt hemjande, serleg for dei høgaste nervecellene. Verknaden på sjelelivet. Ruset. Ein skildrar hovuddraga i det lette ruset. Ein må greia tydeleg ut om at ein vert for stortenkt om seg sjølv, av di sjølvkritikken veiknar. Ein basar med pengar, vil spela storkar mellom kameratane, råkøyrer med bil. Tjuvskap o. 1. Sansen for rett og gali er døyvd. Hemjingane vert borte. Seksualbrotsverk. Arbeidsevna hjå dei som er påverka av alkohol: Dei tykkjer dei arbeider lett og godt, men i røynda går det ikkje snøggare, og dei gjer oftare gali enn elles. Sterkast er verknadene på finare arbeid. (Hugseplansjen.) Døme. Åndsarbeid, presisjonsarbeid, idrott, bilkøyring. Sterkt rus: Dei lågare nervesentra vert og råma. Ein merkar minder til trøyttleiken og vert ustø i tale og rørsle. Valdsverk 1 I denne planen er alt det ein til vanleg kan få tid til å gå gjennom (ved framstelling av læraren, lesing av elevane, eller på anna vis), teki med. 8 I sume tilfelle kan små alkoholmengder ha ein stuttvarig kveikjande verk- nad på verksemda åt visse celler. Denne verknaden var før halden for åha eit praktisk verd som han ikkje har.
Skann 133 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 131». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/133/