SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 132 skann 134

132 (serleg mot dei som er veikare) eller hjelpelØy.se. (Vert utnytta av andre, vert ute for for ulykker, skamfrysing.) (Ein kan f inna døme i måndagsavisene.) Verksemda til heilen sluttar. Sanseløyse. Kronisk alkoholmisbruk: Ein nemner den røynsla at drykken vert til vane og aukar i intensitet, — ein går igjennom hovuddraga i karakterbrigdet hjå drikkarane og greier ut om at dette kjem av varande skade på heilecellene. Nokre få vert sinnssjuke. Alkoholmisbruk fører til karakterbrigde: Avdovna vilje, stur og utolug stemning, mindreverdskjensle som syner seg som svartsykje, skrøyt og brutalitet. Ein misser tiltaksevna og held ikkje ut i arbeidet, høgare sosiale kjensler for plikt, ansvar osb. veiknar (koneplaging, sæteløyse). Endå om alkoholistane opphavleg høyrer til ulike karaktértypar, vil dei fleste etter nokre års alkoholmisbruk høyra til ein einsarta alkoholisttype. Årsaka til karakterbrigdet er noko giftverknaden og noko dei mange vanskane som drikkartilværet har. Kvifor er det så vanskeleg for ein drikkar å slutta med å drikka? Han kjenner ruset som det einaste ljose i tilværet. Langvarig påbodi kuropphald og fråhald er einaste boteråda til læking. Kurheimar. Men mange fell på nytt. Familie og omgangsvenene sitt ansvar. Edruskapsnemnder. Di meir ein drikk, di meir omskift vert karakteren, og di meir karakteren vert brigda, di sterkare vert trongen til å lindra ulykka med eit nytt rus. Avkjømet til alkoholistane. Når faren drikk, er han eit låkt føredøme for sønene. Men det er ingen fare berre ein sjølv held seg frå drykken. Alkoholismen er ikkje beinveges arveleg. Alkohol som medisin: Etter folketrua har alkoholen hatt stort verd som medisin. Det er kanskje ein leivning frå den heidne tida då dei nytta alkoholen i gudedyrkinga. På moderne sjukehus brukar dei ikkje alkohol å kalla. Alkohol og sosiale tilhøve: Alkoholmisbruk er ofte årsak til brotsverk, serleg valdsverk og sedskapsbrot — tjuving, lettlynde på kjønnslivet sitt område med venerisk sykje, øydelagt familieliv, trafikkulykker osb. Kva alkoholbruket kostar samfunnet vårt samanlikna med andre bruksvarer. Kva verd arbeidet for edruskapen har. Før kroppen er fullvaksen, er allslags alkoholbruk misbruk. Litt om alkohollovgjevinga. Edruskapsarbeidet.
Skann 134 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 132». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/134/