SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 130 skann 132

130 Nytingsemne: Kaffi, te, kakao, sjokolade, kraft av kjøt og grønsaker, krydd, tobakk, alkohol 1 (brennevin, vin, øl o. 1.) Verknaden av små mengder, av større mengder. Faren for den einskilde, for heimen og for samfunnet. Arbeidet for å gjera folket edrueleg. Arbeid og kvile. Arbeidet bør vera allsidig. Skifte mellom kroppsarbeid og åndsarbeid. Trøyttleiken og faren med den % Nattarbeid mest skadeleg. Kvile — svevn. Svevnløyse og kva ho kjem av. Friluftsliv: Verknaden av sol og frisk luft. Verknaden av idrott og kroppsøvingar. Kva allsidig idrott har å seia, faren med einsidig. Serskild bunad i idrottsøvingane. Bad etter øvingane. Ikkje øvingar nett etter måltid. For mykje idrott farleg. Tevling utan trening svært farleg. Reinsemd: Varmt vatn og såpe. Kroppsleg reinsemd (andlets og hand vasking, fotvasking, munnhygiene, — solskin og sjøbad), reinsemd i huset (støvtørking, lufting — slepp sola til!). Klede: Minkar på varmetapet for kroppen. Porøse klede isolerer betre («er varmast»). Det er turvande å kle seg etter veret. Farleg å sitja i våte klede. Kleda må vera reine og romlege. Faren med for tronge klede. Helsesame husvære — varme, tørre, reine, luftige, solrike. Temperaturen 18 — 20° C i rom ein held til i, ikkje over 15" i soverom. Altfor fuktig luft i roma kan vera årsak til forkjøling, gikt og anna. For tørr luft (helst om vinteren når vi eldar i omnen eller med sentralfyring) fører me.d seg at ein vert tørr i halsen, trøytt i røysta — set då eit fat med vatn på omnen eller på radiatoren. Glasa bør helst vera mot sør, og ein bør ikkje ha tette gardiner attfor dei. Urein luft — lufta ut roma. Ligg helst for opi glas når det ikkje er for kaldt. Haldt husværet reint med vatn og såpe. I eit skiti husvære trivst smitte og uty. Smitte: Smittestoff. Korleis smitte vert overførd (gjennom mat og drikke, med hosting og nysing, .med spytt som tørkar inn, med ting som har vori bruka av ein som har smittsam sjukdom). Korleis smittestoffa valdar sjukdom. Korleis vi skal verja oss mot smittsam sjukdom (reinsemd, varsam med hoste °n oppspytt, desinfeksjon, vaksinasjon, å pasteurisera mjølk). Tuberkulose. Korleis ein vert smitta. Korleis vi skal verja oss mot tuberkulose. 1 SjA. planen for edruskapsopplæiinga.
Skann 132 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 130». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/132/