SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 129 skann 131

129 Matmeltinga og oppsuginga: Munnhola: spyttkjertlane — spyttet og kva det verkar, tennene — mjølketenner, varande tenner, tannrote og vern mot han. Svelgen, veikgomen, mandlane, strupeloket — å svelgja rangt. Matrøyra. Magesekken — form og storleik, magesafta og kva verknad ho har, faste måltider. Småtarmane og tjukktarmen: lever og gallblære — gallet og verknaden det har. Bukspyttkjertelen — , bukspyttet og tarmsafta og kva verknad dei har. Oppsuginga i tarmen. Bakteriane i tarmen. Skaden med treg avføring. Korleis ein slepp treg avføring. Forbrenning og stoffskifte — utskiljinga. Nyrene. Huda : litt om overhud — hår, hornlag og fargeemne, lérhud — sveittekjertlar, talgkjertlar, blodårar, nervar, temperaturregulering, hudrøkt. Nervesystemet: Heilen: framheilen, bakheilen, neilestomnen. Ryggmergen. Nervar: rørslenervar, sansenervar, innvol snervar. Litt om heile- og nerverøkt. Sanseorgan: Syna: Korleis auga er bygt — litt om hornhinna, staret (iris), pupillen, linsa, glaskula, nethinna, synsnerven, tårer, å vera nærsynt — langsynt, briller. Høyrsla: Litt om korleis øyra er bygt. Smak og lukt. Kjensle — kjensle for trykk, temperatur og smerte. Grunndraga i økslingslærå åt manneætta, i hovudsaka i same mon som i Otto Louis Mohr: Forplantningslære som fag i våre skoler, Oslo, 1935. Helsereglar. Mat og drikke. Næringsemne : eggekvite, kolhydrat, feittemne, vatn, salt, vitamin — vatn. Dei tre fyrste vert bruka til forbrenning i cellene, eggekviteemna vert 6g bruka til å byggja opp cellene. Mengd når ein arbeider og når ein kviler. Salt, fleire slag, kva nytte dei gjer. Vitamin: Sjukdomar som kjem av skort på vitamin. Dei viktigaste næringsmiddel og dei næringsemna som finst i dei. Sikringskost — næringsmiddel som er rike på vitamin og salt. Tilleggskost — næringsmiddel som det finst lite vitamin og salt i. Å setja i hop måltidene — nok av sikringskost. Å laga til maten — for å vekkja mathugen, for å gjera maten lettare å melta. Måltidene. Oslofrukosten. 9 — Normalplan for landsfolkeskulen.
Skann 131 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 129». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/131/