SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 128 skann 130

128 åtvaring. 13) Elektromagnetar — D. K 80, fleire lette E. 14) Elektrisk ringjeapparat —D. 15) Elektrisk telegraf I). 16) Induksjon — D. 17) Transformator (einfelt forklåring) 18) Telefonen — D. Fysikk og kjemi. [1) Skråplanet 1 — D. 2) Kile, skruv, trisse, vindespel, tannhjul, reimskive — D. 3) Dampmaskinen — D. 4) Lokomotiv, dampskip. Dampturbin — D. Eksplosjonsmotorar — demonstrerer ein med modellar og teikningar. 5) Dynamo — D. 6) Kraftoverføring, elektromotorar.] I kjemi tek ein berre med det som er mest turvande for opplæringa i biologi, såleis nøre, kvæve, kolto, brenne. Ein syner med demonstrasjonsfreistnader dei viktigaste eigenskapane åt toa. Andre to nemner ein der det høver, og let elevane få sjå prøver på toa samstundes som ein nemner litt om eigenskapane som toa har — så framt det let seg gjera. Helselære. Menneskekroppen. Cella. Beinbygnaden 2 : Beina, forma og samansetjinga dei har — beinjord, beinbrusk,. skilnad hjå unge og gamle — beinhinne — kva ho har å seia ved beinbrot, beinmerg, leder — ledkapsel, ledvatn, skade i ledene. Hovud: Heileskåla, andletsbeina. Kroppen: ryggbeina, sidebeina, brystbein, brystkassa, skakkrygg, kva det har å seia at ein øver ryggmusklane. Lemene — korleis handa er bygd (gripereiskap), flatfot, skadeleg skobunad. Musklar: Vilkårlege og uvilkårlege, korleis ein styrkjer musklane. Blodet: Blodvatn, kvite og raude blodkorn. Blodlaupet: Hjarta, litt om det store og det litle ringlaupet, livårar (pulsårar), veikårar (vener), hårrøyr-årar. Milten. Andedraget: Nasehola — kva det har å seia at ein andar gjennom nasen. Svelgen. Strupehovudet — røystband. Barken, barkegreiner. Lunger — lungeblærer, gass-skifte i lungene. 1 Det som står i [ ], kan gjentene få sleppa — om ein så vil. 3 Det som står etter ei slik overskrift (kursiv), høyrer med til minstekrava som ein skal gå gjennom ved alle skular. 7, skuleåret.
Skann 130 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 128». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/130/