SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 10 skann 12

10 for å greia minstekrava på fullgod måte. Dette skal ein vera klår over, så ein ikkje set urimelege krav her korkje til elevane eller lærarane. Men det er og elevar som greier meir enn det som er teki med i minstekrava, og ein må passa på at desse elevane og får arbeid som er i rimeleg samsvar med det dei kan greia. I dei einskilde planane er minstekrava nemnde serskilt. Der det høver, er minstekrava i arbeidsplanane sette med kursiv på ymse vis. For sume fag er det føresetnaden at minstekrava skal verta nøgnare fastsette i dei bøkene som vert godkjende til bruk i skulen (sjå undervisningsplanane). Det stoff som høyrer til minstekrava, må ein alltid ta i samanheng med heile det undervisningsstoffet ein skal ta med, med di ein då både fyrste gongen ein går igjennom det, og når ein repeterer, legg serleg vekt på det stoff som høyrer til minstekrava. V. Skilnaden på klasser og på elevar. Både klassene og dei einskilde elevane i ei og same klasse er mykje ulike når det gjeld evner i det heile og evner og givnad for dei ymse skulefaga. Då dei prøvde evnene hjå ein større flokk elevar 1 i fyrstninga av 1. klasse i ein byskule, synte det seg at intelligenskvotienten (IQ) jamtover for den klassa som stod klenast, var berre om lag 76 pst. av IQ jamtover for den beste klassa, og skilnaden mellom elevane i ei og same klasse var endå mykje større. Såleis var lågaste IQ i ei klasse berre 42 pst. av høgaste, i ei anna klasse var det tilsvarande talet 53 osb. Då dei prøvde ein større flokk elevar i orienteringsfaga* (soge, geografi og naturfag), kristendomskunskap og i norsk og rekning,' synte det seg at skilnaden på beste og klenaste klassa var endå mykje større enn ved evneprøvinga. For rekning var såleis prestasjonen for dei klenaste klassene berre 12 — 15 pst. av prestasjonane for dei beste, og skilnaden mellom prestasjonane for dei beste og dei klenaste elevane i ei og same klasse var på jamnen og sers stor. 1 Evnemåling i folkeskolens 1. klasse, utgitt av Komtéen for pedagogisk forsk- ning, Gyldendal Norsk Forlag, 1937. 1 Sjå U. P. 3 Hans Bergersen: Mor smålsop lær ingen, B. Rib.tskog: Regning, båe på Gyl- dendal Norsk Forlag.
Skann 12 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 10». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/12/