SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 124 skann 126

124 kronrøyr («tjuvskap» av humlene). Skilnaden på frø og frukt. Rotknartar på skolmvokstrane — nytte? Korleis ert eller korn spirer — rothår. Potet — etter ein stutt repetisjon: 1) Veg 2 nokolunde jamstore poteter. Skala den eine og veg potetene att om eit par dagar. Kva nytte gjer skalet? 2) Få ei potet til å gro i jord. 3) Grav bort jorda frå ei potet så ho kjem til å liggja berr. Korleis vert fargen på poteta? (det lagar seg bladgrønt). 4) Sjå på frukta — bær. Løvetann, prestekrage, tistel — frøspreiing med vind, dyr og menneske. Havre, bygg, rug, kveite (ris og mais) — «rugen ryk», vindfræving. Timotei, (kveke). Striden mot fiendane til dyrka vokstrar. Soleie — honninggøyme, gullstjerne — lauk, opplagsnæring, vinterlivet til plantane. Selje — tvibu, insektfræving. Kva leitar insekta etter? Vatnet spreier frøa: Frø av høgfjellsplantar fylgjer fjellbekkene ned i dalen. Havstraumane fører ofte med seg frø. Bjørk, hassel — nøtter. Hegg, plometre, morelltre kissebærtre — steinfrukt. Epletre. Fruktdyrking, rogn. Lauvfall. Det visne lauvet og nytta av det. Klunger, (dyrka rose), jordbær, bringbær, rips, stikkelsbær, blåbær, tytebær, røsslyng, karve, gulrot. Fruktformer: kapsel, bær, nøtter, steinfrukt Dyr. Fiskar (samanl. med padder): 1) Syn klassa ein fisk, t. d. ei sild. Elevane ser på fisken og teiknar. 2) Sjå på uggåne, korleis dei står når fisken rører seg (akvarium). 3) Skjer opp ein fisk og sjå på symjeblæra. Kva nytte gjer ho? Sjå 6g på sume andre indre organ hjå fisken. Sild — sildefiske. Torsk — torskefiske, kolje (hyse), kviting, sei, flyndre, laks, aure, makrell, hå. Øksling — kunstig utklekking. Døme på spørsmål og oppgåver: 1) Kvifor er fisken jamnast mørk på oversida og ljos på undersida? 2) Kvifor er taretorsken brun? 3) Korleis kan du vita at fisken ser i vatnet? 4) Har fisken augnelok? 5) Korleis ser fisketennene ut? Kva brukar fisken dei til? 6) Kvifor hoppar auren opp or vatnet? 7) Nemn fiskar med store og fiskar med små reist. Samanlikna hudklednaden på ei sild og på ein hå. 9) Stoda til sporden hjå fisk og hjå kval. 10) Teikna blodlaupet hjå ein fisk og grei ut korleis blodet vert reinsa. 11) Teikna blodlaupet hjå krypdyra — dyr med kaldt blod og dyr med varmt blod. Leddyr. CSamanl. med ryggbeinsdyr.) Husfluga, utklekking av spyfluge, (brems, klegg), mygg — utklekking, tordivel,
Skann 126 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 124». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/126/