SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 125 skann 127

125 (smelle, marihøne), bie — å vitja eit biehus om det er høve til det, vokskake, ymse slag celler osb., humler — humlebol i insektskasse, kvefs, maur — sjå på maurtuve og maurvegar o.a. ute i naturen. Ein kan 6g ha noko av ei maurtuve it. d. eit stort sylteglas med svart papir ikring. Kålfivrelde, neslefivrelde — å klekkja ut åmer i syJtegas, (silkespinnar), mdl (grashoppar, kakelakkar). Kongroa, hummar, reke, krabbe. Makkar (samanl. leddyr). Meitemakken — kva han har å seia for jordbruket. Beinlause dyr (samanl. makkar). Svart snigel, blask jel (østers) Pigghudingar. Krosstroll, (kråkebolle) Tannlause dyr. Manete, koralldyr. Dei lågastståande dyra. Infusjonsdvr, slimdyr Dei dyra som er nemnde frå og med blåskjela til og med koralldyr, høver best for skular som ligg ute ved kysten. I dei andre skulane berre nemner ein dei og syner fram preparat eller bilete. I samband med at ein går igjennom dei ymse dyretypane og dyr, tek ein med biologiske tilhøve som har mykje å seia, t. d.: Årsaker til at dyra samlar seg på einskilde stade r 1 : 1) Temperaturen i vatnet, saltinnhald, botntilhøve osb. gjer at skjeler og andre sjødyr set seg fast på visse stader. 2) Rikeleg næring: torsk, sild, kval, insekt osb. 3) Høvelege ynglestader: torsk, sild, sjøfuglar, mygg osb. 4) Årsaker til at sjøfuglar (fugleberg), svaler o. a. samlar seg i større flokkar kan vera ei «selskapsdrift», og at dyra kjenner seg tryggare i ein flokk enn når dei er ein og ein eller få i lag. 5) Skinnvengjer, ormar o. a. kan halda varmen betre om vinteren når dei er fleire i lag. 6) Innbyrdes hjelp: apar, bever, småfuglar til vern mot røvarar. Strid i naturen 1 : 1) Åtaksmiddel: tenner, føter, tunge (frosk, hekkespett), gift, list osb. 2) Forsvarsgreier: Dei same som til åtak, røming, løyndehol, sterke skal, illeluktande væsker. 3) Å låst som dei er daude: marihøne, snutebille. 4) Vernefarge, lurarfarge osb. 1 Frå O. Strøms manuskript.
Skann 127 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 125». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/127/