SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 123 skann 125

123 utanfor vindauga. Kva for fuglar kjem og vil ha maten? Fer alle fuglar likt åt? 3) Nemn fuglar som legg egga sine på jorda, i trea, i steingjerde osb. 4) Kva slag vyrke nyttar dei til å byggja reir av? 5) Hjelper foreldra kvarandre med å byggja? Å klekkja ut? 6) Korleis får hoa mat om ho er åleme med klekkinga? 7) Hjelper foreldra kvarandre med å mata ungane? 8) Nemn dei fuglane som du kjenner klekkjestadene til. 9) Å fortelja kva ein veit om reiret åt sume fuglar. 10) Kva gjer fuglane om røyskatt, kråke eller andre reirplyndrarar øydelegg reira deira? 11) Kjenner du spenedyr og fuglar som lærer ungane å firma mat? 12) Kjenner du fuglar som lærer ungane å flyga? 13) Skriv opp datoen då du såg den fyrste linerla, bokfink eller andre flyttfuglar om våren. 14) Nemn fuglar som samlar seg i flokkar om hausten. 15) Nemn fuglar som syng medan dei flyg. 16) Nemn fuglar med sitjefot, gangfot, klivefot osb. Teikna føtene. Ei rekkje med slike oppgåver høver det godt å gjeva på eit seinare steg i skulen 6g. Krypdyr (samanl. med spenedyr og fuglar): Hoggorm, snok, (skratleorm, strøyparorm). Firfisle, stålorm (ormsloe) — i terrarium om det er råd. Padder (samanl. med krypdyr) : Salamander. i akvnrinm — om det er råd. Frosk: 1) Set ein frosk i terrariet og sjå på han. Sjå rørslene på strupen når han andar, sjå når han tek fluger osb. 2) Ta nokre froskegg saman med vatn frå ein dam. Legg dei i ei flat skål (djup tallerk e. 1.) og fylg så voksteren frå dag til dag. Skildra og teikna. 3) Ånding 'med tokner. Læraren lagar nøre og kolsyregass og viser kva dei verkar på forbrenninga. I kva månader kan du sjå frosken? 5. skuleåret Biologi. Nokre av dei viktigaste helser eg låne. Plantar. Åkersennep (repetisjon). Rettleiing i å pressa plantar. 1 Plantane syg i seg vatn: 1) Stikk ein bladrik plante i farga vatn som det er helt olje på. Sjå korleis vatnet fell. 2) Ha like mykje vatn og olje i eit anna glas (utan plante) og samanlikna om ei tid vassmengda i dei to glasa. 3) Kvelv eit tørt glas over ein plante. Kvifor kjem det dogg på glaset? Øksling med frøing — (Åkersennep, smørblom) ert, bønner, kløver, vikke. Samanl. insektvitjing på ert og kløver. Korleis smakar ein kløverblome? Kan du firma blomar med gjennombiten 1 Mappe til å ha plantane i bør elevane laga sjulve.
Skann 125 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 123». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/125/