SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 122 skann 124

122 fram ei kålrot som har vori planta ut om våren og no har sett frukt. Potet. Prøv å lata ei potet gro med same ho er hausta inn — vinterkvild. Spiringsfreistnad (ert eller korn).- Vokster: Set ein frisk plante med kvite blomstrar (t. d. prestekrage, krysantemum) i lint raudfarga vatn — vatn og næring frå jorda. (Braarud nr. 7.) Set to like plantar som er i god vokster, i jorda, men plukka alle blada av den eine — næring frå lufta. Leirfivel, blåsymre, kvitsymre, gullstjerne, bekkeblom. Når ein går igjennom plantar i 4. skuleåret, brukar ein ikkje bok. Dyr. Ryggbeinsdyr. Spenedyr: Katt, gaupe, løve, tiger (leopard, jaguar). Røyskatt (grevling, oter, jerv), hund — hunderasar, ulv, rev (sylvrev — revegardar, blårev), bjørn (kvitbørn), ku, sau, geit, elg, rein, (kamel), svin, hest, elefant, ikorn, hare, kanin, mus, rotte, (lemen, bever), piggsvin, skinvengje, sel (rossmål) — selveiding, bardekval, tannkval — kvalveiding. Ape. Litt om øksling og yngelrøkt. Døme på spørsmål og oppgåver l : 1) Kan du nemna dyr som har annan farge om vinteren enn om sumaren? Kva nytte har dyra av fargeskiftet? 2) Skilnad på tettleiken i vinter- og sumarpels. 3) Kva nytte har elefanten av at han er snau? Enn kvalane? 4) Korleis rører rovdyra kjakane? Enn kua og hesten? Enn gnagarane? 5) teikna fara etter ymse slag dyr. 6) Korleis strider dyra mot kvarandre: hest, ku, sau, geit, elg og rein, svin, hund, katt, piggsvin? 7) Nemn dyr som ligg i dvale om vinteren. 8) Kva for klivande spenedyr kjenner du? Kva for nokre av rovdyra våre er husdyr? Kva for nokre av dei er ville? 10) Kva for nokre er dei klokaste dyra du veit om? 11) Øksling og yngelrøkt. Fuglar (samanl. med spenedyr) : Tamhøns, tiur, orrfugl, rype, tamdue, gråsporv (gulsporv, dompap), lerke, linerle — fugleferd, kjøtmeis, trost, stare, kråke, skjor, svartspette, gauk, hønsehauk, ørn, kattugle, tjeld, (rugde, heilo, hegre), åkerrikse, and, ærfugl, gås, måse, (tjuvjo, lom, alke) — fugleberg. Øksling og yngelrøkt: Reirbygging. Døme på spørsmål og oppgåver: 1) Kan du f inna ut korleis fuglane drikk (høns, due, gråsporv, gås, and)? 2) Å f inna ut kva ymse fuglar et. Legg mat på eit fuglebrett 1 Dei døme som ein i planen fører opp under denne overskrifta, er med forfattaren sitt samtykke tekne frå O. Strømt manuskript til lesebok i biologi for folkeskulen.
Skann 124 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 122». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/124/